Hopp til innhold

Valgardsson seld til Sverige

Sogndal og Fotball er samde med Örebro SK om eit sal av Logi Valgardsson.

Logi Valgardsson

FERDIG: Logi Valgardsson er seld til svenske Örebro.

Foto: sogndalfotball.no

Det gjekk ikkje lange tida frå Victor Grodås vart presentert som ny Sogndal-spelar, til pressemeldinga tikka inn om att Logi Valgardsson var seld.

– Klubbane har arbeidd med denne avtalen over ei viss tid, og vart samde om detaljane i ettermiddag, fortel sportsleg leiar Håvard Flo.

Landslagsback

Islendingen kom til Sogndal før førre sesong og fekk 26 kampar i Tippeligaen for Sogndal. Han noterte seg for eitt mål, men var til gjengjeld «servitør» på fleire av Sogndal sine 31 scoringar.

26-åringen presterte så bra gjennom sesongen at han nyleg vart teken ut på det islandske landslaget.

– Vi er godt nøgde med avtalen, samstundes som vi er veldig stolte over at vi igjen har levert ein spelar på sal ut av landet, seier Flo.

Nøgde svenskar

Etter ein svært sterk sesongavslutning enda Örebro på sjetteplass i Allsvenskan førre sesong.

Klubben ynskjer å kjempe om både medaljar og spel i Europa, og ser på signeringa av Valgardsson som eit steg mot dette målet.

– Logi Valgardsson har sidan tidleg i haust stått høgt på vår prioriteringsliste, så det kjennest veldig bra at vi no har fått dette i land. Utover hans sterke defensive eigenskapar, så kjem venstrefoten hans til å medverke mykje i det offensive spelet, seier Örebro-trenar Alexander Axén til klubben sine nettsider.