Hopp til innhold

Valforskar trur hordalendingar vil røyste bompengepartiet for å sleppe sogn- og fjordingar

– Det blir spennande å sjå om hordalendingar sitt ynskje om ei motvekt til politikarar frå Sogn og Fjordane kan gje utslag.

Trym Aafløy og klimastreikende ungdom

BERRE HORDALAND: Bompengegeneral Trym Aafløy (biletet) har ikkje ein einaste sogn- og fjording på vallista for Folkeaksjonen Nei til mer bompenger i Vestland. Det kan dei vinne på, trur valforskar.

Foto: Eva Neteland / NRK

Folkeaksjonen nei til mer bompenger stiller med ei rein hordlandsliste i det fyrste fylkestingsvalet i Vestland. Listetoppen i partiet, Knut Inge Andersen er utflytt sunnfjording, men det finst verken lokallag eller politikarar med same hjartesak i Sogn og Fjordane per no.

Knut Inge Andersen

SOGN OG FJORDANE-ALIBI: Listetopp Knut Inge Andersen er som resten av bompengepartiet si liste busett i Hordaland, men kjem opphaveleg frå Fjaler.

Foto: Privat

Eit «hordaland-alternativ»

– Dei klassiske partia har sørga for at Sogn og Fjordane er prioritert på listene, seier valforskar i Norce, Yngve Flo.

Det ligg an til eit høgt vekttal av politikarar frå Sogn og Fjordane på fylkestinget. 20 parti stiller liste til det fyrste fyklestingvalet. Flo seier det blir spennande å sjå om bompengepartiet haustar stemmer frå folk som fryktar Sogn og Fjordane-dominans.

Kommuneforsker Yngve Flo ved Norce

SPENNANDE: Valforskar i Norce, Yngve Flo meiner det kan bli spennande å sjå om frykt for Sogn og Fjordane-politikarane gjev utslag.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Eit parti som allereie ligg høgt på målingane kan appelere til dei som ikkje nødvendigvis brenn spesielt for bompengesaka, men som oppfattar dette som eit «hordalands-alternativ», fortel Flo.

Trur folk stemmer på politikken

– Det er ein interessant teori, men eg trur dei som stemmer på oss sympatiserer med politikken vår, seier Trym Aafløy.

Han er fyrstekandidat til Folkeaksjonen nei til mer bompengar i Bergen -og tredjekandidat til Vestland Fylke.

Trym Aafløy

HAR TRUA: Trym Aafløy trur dei vil få auka oppslutning på sikt.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– Folk har ulike motiv for dei vala dei gjer, og vi gler oss berre over kvar einaste stemme vi får, seier Aafløy.

– Folk er seg sjølve nærast

Sjølv om Sogn og Fjordane har lange tradisjonar for bompengar, er det for tida berre éin bompengering i fylket, Førdepakken. Aafløy meiner det naturleg nok ikkje vil kome mange stemmer frå Sogn og Fjordane grunna dette.

– Folk er seg sjølv nærast, og oppslutninga vår er nok sterkast i dei regionane der det er lokale bompengeparkar, seier han.

Dei har likevel ein taktikk for å vinne over fleire veljarar. Aaflø trur dei lokale politikarane vil gjere jobben for dei.

– Etter kvart som dei foreslår bompengepakkar rundt om i fylket, vil vi få auka oppslutting, seier han.