Kven av desse damene klarer å kapre Sp-Jon?

Saman har denne trioen over halvparten av røystene, men den av damene som ønskjer makta i fylkestinget må på friarferd til Senterpartiet og Jon Askeland.

Silja Ekeland Bjørkly, Jon Askeland og Anne Gine Hestetun på valgfestival i Bergen

JAKTAR MAKT: Høgres Silja Ekeland Bjørkly (t.v.), Jon Askeland (Sp) og Anne Gine Hestetun (Ap) kan alle verte fylkesordførar. Men med jokeren i ermet kan Sp snappe klubba frå dei to største.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Arbeidarpartiet og sitjande fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun, fekk flest røyster i valet til det nye fylkestinget i Vestland med 20,4 prosent av røystene. Det er ein nedgang på over 11,6 prosent sidan kjempevalet for fire år sidan.

Høgre med Silja Ekeland Bjørkly i spissen har 17,9 prosent av røystene i Vestland, medan Senterpartiet følgjer etter med 15,7 prosent.

Dermed kjem Ap og Høgre altså ikkje utanom Senterpartiet i jakta på eit fleirtal. Og den sitjande ordføraren i Radøy legg ikkje skjul på at han trivast i rolla som joker i spelet om fylkesmakta. Ei rolle som kan gi han vervet som fylkesordførar.

Går til Ap først

Og at han og partiet har lyst på ordførarklubba levnar han liten tvil om.

– Lysta er der. Vi er veldig takksame for den massive tilliten som veljarane har gitt oss. Det er jo sentrum som er blitt røysta fram ved dette valet. Den tilliten har vi med oss i forhandlingane som startar no, seier Askeland til NRK «dagen derpå»

– Kven skal du forhandle med no?

– Det er jo ein gong slik at det er ein fin tradisjon at vi først snakkar med dei vi har hatt eit samarbeid med. Og det er ganske like samarbeidskonstellasjonar i dei to noverande fylka. Vi er samde om at vi startar der.

Det betyr at Askeland vil setje seg ned saman med den utflytte årdølen Hestetun og partiet hennar i første omgang. I dag samarbeider Sp, Ap, SV og KrF i Hordaland.

Sp og Ap har tilsaman 24 plassar i det nye fylkestinget som tel 65 plassar.

– Kva vert viktig for deg i desse forhandlingane?

– Distrikta har gitt oss ei tydeleg bestilling på at vi må sikre at dei får vekst i nye Vestland. Vi opplever at folk er usikre. Korleis vil tilboda verte i det nye fylket? Ryk alt til Bergen eller vil ein satse på vekst og utvikling i distrikta og? Og då har veljarane bede Sp aksle leiartrøya der, og det er det viktigaste for oss å ta vare på, seier Askeland.

– Bergen overraska

Han meiner dette er lett å forstå i Sogn og Fjordane, men han er overraska over at partiet også har gått kraftig fram i Bergen.

– Vi har fått ei makelaus oppslutnad i Bergen. Næringslivet i Bergen har sagt til meg at vi er med dykk. Bergensarane kan gå åleine om dei vil, dei er store nok til det. Men mange næringslivsfolk har sagt til meg at dei dei har lyst til å vere med på at oppdraget vårt skal lukkast.

MDG og bompengepartiet stormar fram

Medan Høgre og Ap tapar terreng, så sankar Miljøpartiet dei grøne og Folkeaksjonen Nei til meir bompengar (FNB) røyster frå høgre og venstre. Det fjerde største partiet i Vestland er FNB med ni prosent. Miljøpartiet dei grøne får 6,3 prosent.

Fylkestinget i Vestland

Slik fordeles de 65 plassene i fylkes­tinget mellom partiene:

Grafikk som illustrerer kommunestyrets sammensetning med prikker. Hver prikk representerer en mandat.