Ap blei størst, men får dei ordførarvervet?

Etter ei stund med daudt løp tok Arbeidarpartiet innersvingen på Senterpartiet i Kinn. No venter ein politisk hestehandel.

Ola Teigen

STØRST I KINN: Ola Teigen og Ap er størst i Kinn.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Senterpartiet var nokre timar det største partiet i Kinn måndag kveld, før Arbeidarpartiet til slutt blei største parti med 29,5 prosent. Medan Ap har vore ein forkjempar for Kinn, så har Sp vore ein motstandar av den nye kommunen.

Sitjande ordførar i Flora, Ola Teigen, er ordførarkandidat for Ap i Kinn, men om han får behalde ordførarvervet er framleis i det blå.

– Eg vil helst samarbeide med parti som har den same haldninga til Kinn som oss, men eg skal gi alle ein sjanse. Eg trur ikkje at vi er førstevalet til Senterpartiet, seier Teigen.

Sp fekk nest flest røyster i Kinn med 19,4 prosent, noko som er ein framgang på 12,5 prosent frå førre val.

– No kan vi stogge ein del ting vi ikkje har pengar til i kommunen. Vi skal gjere noko med Kinn og få til ein god politikk, seier tredjekandidat for Sp, Fredrik Egeberg.

Det kan ta tid før ein får ei avklaring på ordførarvervet.

– Vi skal ha ordførarvervet og no skal vi forhandle. Vi har gode kort på hand, så får dei som vil samarbeide komme til oss, seier Egeberg.

Sp i Kinn

NO SKAL DEI FORHANDLE: Denne gjengen i Kinn Sp er klare til å forhandle om makta i nye Kinn.

Foto: ODDMUND HAUGEN / NRK

Tredje største parti er Høgre med 16,1 prosent.

Partiet som går nest mest fram i Kinn er Raudt. Raudt er femte største parti med 9,7 prosent av røystene og går fram 8 prosent.

– Det er ein revolusjon. Vi har aldri vore i nærleiken av dette valresultatet, seier ordførarkandidat for Raudt, Geir Oldeide.

Kommunane Flora og Vågsøy blir slegne saman og blir til Kinn 1. januar. Årets val er gjennomført for den nye kommunen.

Partioppslutning i Kinn

26,7 %
2211 stemmer
19,2 %
1589 stemmer
16,1 %
1327 stemmer
10,1 %
831 stemmer
9,6 %
797 stemmer
5,8 %
479 stemmer
4,5 %
370 stemmer
3,9 %
322 stemmer
3,3 %
274 stemmer
0,8 %
67 stemmer