Hopp til innhold

Valdtektssikta varetektsfengsla i ei veke

Mannen i 30-åra som er sikta for valdtekt av ei tenåringsjente i Førde, er no sett i varetekt i ei veke. Det har Fjordane tingrett bestemt.

Politiet i Førde har arrestert og sikta ein mann i 30-åra for ei mogleg valdtekt av ei jente i tenåra.

SPERRA AV OMRÅDE: Fleire politifolk var tysdag involvert i arbeidet med å kartleggje det dei trur er åstaden. (Video: Oddleif Løset)

– Han erkjenner ikkje straffskuld, men har gått med på ei veke i varetekt, seier forsvarar Ilham Hassan til NRK.

Politiadvokat Inger Beth seier dei bad om fire veker med brev- og besøksforbod.

– Men i går fekk vi vite at den sikta mannen samtykka i ei veke med brev- og besøksforbod. Difor ba vi i dag om ei veke, seier ho.

– Kvifor vil de ha mannen varetektsfengsla?

– Det er fordi vi meiner det er skjellig grunn til å mistanke vedkommande for det han er sikta for. Vi fryktar også at bevis skal bli øydelagde, seier ho.

Valdtekta skal ha skjedd måndag førre veke i området ved Korsavegen - Hornnesvegen. Politiet fekk meldinga natt til søndag, nesten ei veke etter at hendinga skal ha skjedd. Denne veka har dei gjort tekniske undersøkingar på staden.

I går gjorde politiet nye avhøyr av den fornærma jenta. Også den sikta mannen skulle avhøyrast, men han nekta å forklare seg for politiet.