Hopp til innhold

Valdtektssikta meiner han er uskuldig

Mannen i 50-åra som er sikta for valdtekt av ei russejente i den spanske byen Magaluf meiner at han er uskuldig.

Magaluf - spansk turistby

FERIEBY: Magaluf er ein ferieby i Spania. Arkivfoto

Foto: ENRIQUE CALVO / Reuters

– Han meiner at han ikkje har gjort noko straffbart, og at han difor er uskuldig. Han meiner at siktinga mot han er uriktig, seier advokat Halvor Frihagen.

Valdtekta skal ha skjedd på Mallorca torsdag for kring to veker sidan. To russekull frå vidaregåande skular i Sogn og Fjordane var på ein felles russetur på den spanske ferieøya. Mannen var med som følgje for ungdommane.

Mannen vart i førre veke sleppt fri frå varetekt mot ein kausjon på 9000 euro, som svarar til 85 000 norske kroner.

Advokat Frihagen seier at klienten hans har vore lauslaten frå varetekt ei stund, men vil ikkje kommentere om han er i Spania eller Noreg. Frihagen ønskjer ikkje på noverande tidspunkt å utdjupe omstenda utover det han seier til NRK i dag.

Frå før er det kjent at den fornærma jenta har fått Anette Stegegjerdet Norberg som bistandsadvokat.

– Den fornærma er ei 18 år gammal jente som prøver å handtere livet sitt etter det som har skjedd, medan saka er under etterforsking, seier Stegegjerdet Norberg.