Hopp til innhold

Valdtektssaka i Førde: Ingen grunn til mistanke

Etter eit omfattande etterforskingsarbeid, har politiet ikkje grunn til å tru at det skjedde ei straffbar handling under countryhelga i Førde.

Teknisk etterforskar Sunnfjord Hotell

ETTERFORSKAR: Politiet har gjort eit omfattande etterforskingsarbeid etter at dei fekk melding om at det hadde skjedd ei valdtekt på Scandic Sunnfjord hotell.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det var søndag morgon at politiet fekk melding om at ei sunnfjordkvinne i 20-åra var blitt valdteken på Scandic Sunnfjord hotell.

Politiet har gjort både tekniske undersøkingar på staden og avhøyrd kring 15 personar.

– Etterforskingsmaterialet gir ingen grunn til mistanke om at nokon har gjort ei straffbar handling, seier politiadvokat Inger Beth Fosse i ei pressemelding.

Politiet har vald å koda saka som ei "undersøkelsessak", grunna manglande bevis på at ei straffbar handling har skjedd.

– Politiet har gjort grundig arbeid, og me meiner me no har klar oversikt over saka, seier Fosse.

Kvinna melde ikkje saka sjølv

Politiet fekk ei melding om ei potensiell valdtekt, og oppretta etterforsking. Det var ikkje kvinna sjølv som kontakta politiet. Kva ho har forklara ynskjer ikkje Fosse å kommentere.

– Det er ikkje uvanleg at andre enn fornærma melder valdtektssaker til politiet, seier politiadvokat Fosse.