Valdtektssak for retten i august

12. august skal den tredje tiltalte i gruppevaldtektssaka i Sogndal møte i retten, skriv Sogn Avis. Då rettssaka starta i februar hadde mannen rømt frå landet. Han vart etterlyst internasjonalt, og vart til slutt arrestert i mars. Han blir av politiet rekna som den hovudtiltalte, og strafferamma er på 21 års fengsel.