Hopp til innhold

Valdsmistenkt ordførarkandidat møtte partikollegaene i Lærdal

LÆRDAL (NRK): Den valdsmistenkte ordførarkandidaten for Høgre, Johannes Einemo, har tillit i partiet til det motsette er bevist. Torsdag kveld møtte han partikollegaer på eit lukka møte.

Johannes Einemo på veg inn på møte i Lærdal

RETT INN PÅ MØTE: Johannes Einemo møtte andre Høgre-folk i Lærdal torsdag kveld. Han ville ikkje seie noko til NRK.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Vi har tillit til ein person som ikkje er straffa eller bevist skuldig. Johannes er under etterforsking, men i Noreg så er ein uskuldig til det motsette er bevist. Vi har tillit til den person til det motsette skulle vere tilfelle, seier fylkessekretær i Vestland Høgre, Karsten Sprenger, til NRK.

Einemo sjølv ville ikkje snakke med NRK då han kom til møtet i Doktorgarden i Lærdal torsdag kveld. Politiet stadfesta denne veka at lærdalspolitikaren er mistenkt for vald og frihetsberøvelse.

– Eg kan stadfeste at vi har fått ein politimelding for lekamskrenking og frihetsberøvelse i sommar i Lærdal. Saka er under etterforsking, sa politiinspektør Ronny Iden til NRK.

– Normal prosedyre

Einemo har fått permisjon frå vervet som listetopp for Lærdal Høgre, men partiet har ikkje plukka ut nokon andre til å vere Høgre sin ordførarkandidat.

– Er det ikkje litt forvirrande for veljarane at dei faktisk ikkje veit kven som kan bli ordførar for Høgre?

– Det er normal prosedyre i Høgre at ein tek permisjon dersom ein er under etterforsking. Det har vore god dialog, han har svara på alle spørsmåla partiet har hatt. Veldig uheldig at dette skjer så kort tid før valet. Han står framleis på toppen av lista. Dei som vil røyste på Johannes må gjere det, dei som vil røyste på andre kandidatar må gjere det, slår fylkessekretær Sprenger fast.

Håpar på brakval

Midt ei tøff tid for regjeringspartiet sitt lokallag skal i alle fall ingen skulde Sprenger for å vere pessimist.

– Vi håpar på å få eit brakval, også her i Lærdal.

– Men de har ingen ordførarkandidat no?

– Ordførarkandidaten er i permisjon. Det er ingen andre i Lærdal Høgre som er ordførarkandidat. Vi har ei flott liste og eit flott program, seier Sprenger.