Hopp til innhold

Valdsmann varetektsfengsla på nytt

Mannen som i påska vart varetektsfengsla etter valdsepisoden i Florø, samtykka fredag til å sitje fengsla til hovudforhandlinga kjem opp i juni.

Valdsepisode havreneset Florø.

PÅGRIPEN: Ein mann i 30-åra har samtykka i å sitje varetektsfengsla til rettssaka etter valdshandlinga i Florø i påska kjem opp for retten.

Foto: Eivind Hauge

Politiet fryktar at mannen, som er i 30-åra, kan gjere nye lovbrot, og ynskte difor å halde mannen fengsla til saka er venta å komme opp 10. – 13. juni.

– Mannen har ein god del forhold knytt til vinning- og narkotikakriminalitet, hovudsakleg tilbake til januar i år, og vi meiner det er fare for gjentaking, seier politiadvokat Sissel Kleiven til NRK.no.

Politiadvokat Sissel Kleiven

POLITIADVOKAT: Sissel Kleiven (t.v.).

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Mannen vart pågripen saman med ei kvinne i 30-åra etter at ein mann og kvinne i 40-åra vart angripne og skadde i sin eigen bustad i påska. Mannen vart varetektsfengsla i to veker, sikta for lekamsskading.

Kleiven ynskjer ikkje å kommentere nærare kva som har kome fram gjennom etterforskinga av valdsepisoden.

– Hovudforhandlinga er førehandsberamma til juni. Vi håpar å få tatt ut ein tiltale så snart som råd, seier politiadvokaten.