For mannen som er valdsdømt, rømde frå den psykiatrisk klinikken på Tronvik i Høyanger fredag kveld. Han tok bilen, køyrde avgarde utan førarkort og hamna utfor vegen ved Høydalen i Flora, skriv Firdaposten.
Låste seg inne
Meldinga om rømminga gjekk jungeltelegrafen mellom familiane i området, og dei låste seg inne til mannen vart henta.
Styrka frykta
Det er tidlegare prøvd å finne bustad til mannen i Rogndalsvåg, men tiltaket møtte så sterk motstand hos bygdefolket at dei såg seg om etter andre stadar. Valet fall i staden på Høydalen, der folket er like skeptiske. Og hendinga fredag har skremt innbyggjarane i Høydalen og styrka frykta der.
Møte i grendalaget
Torsdag skal styret i grendalaget og dei komande naboane i Store Høydalen ha møte med ansvarlege i kommunen for å prøve å få gjennomslag for at mannen ikkje blir busett i Høydalen. Men det er usikkert om dei får gjennomslag for dette. For tysdag blei Florø formannskap og orienterte utan at politikarane opna for å vurdere saka på ny.
Ansvarlege i kommunen vil førebels ikkje uttale seg i saka.