Hopp til innhold

Her frir valdrisane over fjellet

LÆRDAL (NRK) Her frir valdrisane til indresogningane. Dei ynskjer auka samarbeid over fylkesgrensa og å skape ein sterk fjellregion.

Her frir dei over fjellet

FRIARFERD: Valdrespolitikarane la fram sine bodskap til ordførar Jan Geir Solheim i Lærdal og varaordførar Sandra Opheim i Årdal.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Alle ordførarar i dei seks Valdres-kommunane og fleire fylkespolitikarar i Oppland møtte opp i Lærdal onsdag.

Dei hadde invitert seg sjølv og ynskte å diskutere samarbeid med nabokommunane over fjellet i nord. I Lærdal rådhus møtte dei Lærdals-ordførar Jan Geir Solheim og varaordførar i Årdal, Sandra Opheim.

Bakteppet var mellom anna den komande regionreforma.

– Vi er her i dag for å finne ut kva vi kan samarbeide om. Vi vil setje områda våre på kartet når Oppland no har naboprat med Hedmark. Vi er den vestlege regionen i Oppland, mot Sogn. Og vil vise at vi utgjer ein skilnad i landskapet som regionane skal delast opp i, seier regionrådsleiar i Valdres og ordførar i Nord-Aurdal kommune, Inger Torun Klosbøle.

– Stortinget gjer vedtak neste år og vi vil vise kva Valdres kan levere i eit regionsamarbeid, seier Klosbøle.

Valdres frir til Lærdal

GÅVE: Ordførar Jan Geir Solheim takka for besøket med lærdalspoteter. I midten regionrådsleiar og ordførar i Nord-Aurdal Inger Torun Klosbøle.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Tenkje nytt

– Er det diskutert Valdres og Sogn i same eining?

– Så langt har vi ikkje kome. Men det hadde absolutt vore spennande. For me ser at det er kortare veg til Sogn enn det er til Hamar for oss. Vi er her for å sjå på moglegheiter.

Ordførar Jan Geir Solheim trur Valdres ser på seg sjølv som ein utkant i sin noverande region og ynskjer å tenke nytt og annleis gjennom fjellregionen kommunane deler.

– Dei vil sjå på om vi kan få til noko regionalt over fjellet, på tvers av fylkesgrenser. Vi har snakka om næringsliv, reiseliv, helse og beredskap.

Interessant

– Har det vore snakk om samanslåing?

– Nei, men tanken er interessant. Valdres og inste Sogn utfyller kvarandre på mange område og vi har dei same utfordringane. Vi kan kanskje smile litt av samanslåing, men tanken har sikkert slått Valdres sidan dei har teke kontakt med oss og gjort eit vedtak om naboprat.

–Vi ser i hvertfall at vi har noko å hente på å snakke saman og samarbeide, seier Solheim.

Valdres frir til Indre Sogn

ALLE MED: Valdrisane ville etter møtet forevige stunda som kan føre til nye tankar.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK