Hopp til innhold

Vald og rus - slik var politinatta

I går var det 2. juledag og fest fleire stader i fylket. Politiet fekk også nok å gjere på.

Politi

Illustrasjonsbilete

Foto: Illustrasjonsfoto / Scanpix

Politiet måtte gripe inn i fleire valdssituasjonar rundt om i fylket.

Seint fredag kveld vart ei kvinne i Måløy slått til i ansiktet. Kvinna begynte å blø naseblod og vart teken hand om av helsepersonell. I natt slo ein mann i 20-åra til ei vakt på eit arrangement i Naustdal. Seinare på natta tok ein mann i 20-åra frå Vik kvelartak på to 19-åringar i Sogndal sentrum.

Forutan valdelege hendingar måtte politiet også ta seg av nokre som var overstadig rusa. Ein mann i 50-åra vart i ettida i natt beden om å forlate ein uteplass på Nordfjordeid, medan ein mann i 30-åra seinare på natta vart vist vekk frå Florø sentrum.

I tillegg fekk politiet melding om to hjortepåkøyrsler i fylket denne natta. Desse var på fylkesveg 548 ved Krokelandet i Flora og på riksveg 5 om lag fem kilometer frå Fodnes.