Anny Felde. Arkiv NRK.
Det viser årsmeldinga for omsorgsbustadene i kommunen.
Helse- og sosialsjef i Gloppen, Anny Felde, seier dei tek situasjonen på alvor.
- Så vanskeleg er det faktisk med einskilde brukargrupper i helsevesenet, og utfordringane blir store for personalet som jobbar der, seier Felde.
Sterk auke
Årsmeldinga viser at talet på valdstilfelle ved Åsatunet har auka med 97 tilfelle frå 2003. Dei aller fleste som har vorte skada, har fått slag mot hovudet og overkroppen. I tillegg til fysiske skader melder tilsette om at det er den psykiske påkjenninga som er tyngst.
Felde seier ho tek tilbakemeldingane på største alvor, men at dei har lagt ned mykje ressursar for å gjere det greitt for arbeidstakarane å arbeide der.
Ein brukar er problemet
Brorparten av valden stammar frå ein svært krevjande brukar. Resultatet er at tilsette er redde for han, og bedt om å sleppe å arbeide med han.
Gloppen kommune har ved fleire høve sagt at ansvaret for denne svært krevjande brukaren burde ligge på staten. Når kommunen får ansvaret bør dei og få ressursar til å meistre oppgåve, meiner Felde:
- Staten må innsjå at det er eit misforhold mellom dei oppgåvene dei legg på oss og dei ressursane dei gir oss til å løyse det.