Forholda som tiltalte no er dømd for, har funne stad etter at han var skild frå kona si. Trass i at han var ilagt besøksforbod har han gjentekne gonger dei siste tre åra oppsøkt den tidligare kona og truga og mishandla henne. Ved eitt tilfelle har han brote seg inn i huset til eks-kona om natta og truga både ho og mor hennar med kniv og sparka og slått begge.
Trugsmål
Ved eit anna høve ringte mannen til eks-kona medan politiet var i huset. Han kom då med truslar om at han skulle ta henne på veg til barnehagen og knuse beina hennar. Vidare sa han at han visste kvar ho arbeidde og kunne løyse heile problemet med ei kiste til henne, og at han skulle ta henne innan 2-3 dagar. Sjølv har mannen nekta for at denne at denne samtalen fann stad i det heile, men retten har ikkje festa lit til forklaringa hans.
Levde i frykt
Retten meiner det er straffeskjerpande at mannen si valdsutøving og trugsmål har skjedd mot ein tidligare ektefelle som har den daglege omsorga for felles born. Sjølv om tiltalte vart frifunnen for tre tiltalepunkt, der eit av dei omhandla skytevåpen - meiner retten at straffa likevel må settast til eitt år og to månader for avspegle den frykta som den fornærma i saka har levd under i tre år.