Helsepersonell spør ikkje om vald etter at barnet er fødd

Helsepersonell spør ikkje om valdsbruk i heimen etter at barnet er fødd. Dette må endrast på meiner forskarar og Barneombod.

Fattig familie

KARTLEGGING AV VALD OGSÅ ETTER FØDSEL: Forskarar meiner det er eit paradoks at gravide blir spurde om valdsbruk, men spørsmålet 'forsvinn' etter at barnet er fødd.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Gravide skal spørjast om dei blir utsette for vald i heimen. Men det same blir ikkje gjort etter at barnet er fødd. Det meiner både Barneombodet og forskarar er rart at ingen er pålagde.

Forskarar med tilknyting til Høgskulen i Sogn og Fjordane og Helse Førde, har nyleg kartlagt at 9 prosent av nordiske born er utsette for vald i heimen.

– Må spørje

Barneombod Anne Lindboe, meiner det er bra jordmødrene skal spørje om vald i heimen, men det bør også helsesøstrene bli pålagde å gjere.

– Vi får akkurat dei same krava til helsesøstrene etter at barnet er fødd som før barnet kjem til verda. Det trur eg er noko av det viktigaste vi kan gjere for å fange opp barn og vaksne i risikosona. Det er også ein fin måte å sette inn tiltak før det går for langt og skaden har skjedd.

I dei nye retningslinje til jordmødrene går det fram at dei skal stille konkrete spørsmål til den gravide om vald i heimen. Men same krava gjeld ikkje for helsesøstrer, som føl opp familiar frå barnet er nyfødt. Det stussar også forskar Kathrine Kloppen over.

– Det har komme inn på jordmødrene, men ikkje komme inn på helsesøstrene. Så når barnet er fødd spør ein ikkje lenger om vald i familien. Det er eit paradoks.

Nordiske barn vitne til vald

NRK fortalde sist veke om kartlegging Kloppen og andre forskarar med tilknyting til Høgskulen i Sogn og Fjordane og Helse Førde har gjort. Forskinga deira syner at opp mot 13 prosent av nordiske barn er vitne til vald i heimen, og nær kvart tiande barn blir sjølv slått, sparka eller utsett for anna fysisk vald av ein forelder.

(Saka held fram under bilete)

Barneombud Anne Lindboe

PÅ HØG TID: Barneombod Anne Lindboe meiner det er på høg tid at helsepersonell spør barn om vald i heimen.

Foto: Beate Riiser / NRK

Barneombod Anne Lindboe trur det å få eit barn kan vere meir krevjande for mange enn dei er budde på.

– Førstegongsforeldre veit ikkje korleis livet deira endrar seg før barnet er født. Mange opplever ekstremt stress, får kanskje eit krevjande barn og søvnløsheit. Alt dette kan føre til at ein i verste fall kan filleriste eller utsette barn for vald i affekt.

Alle foreldre er pålagde å møte på helsestasjonen til jamlege kontrollar med sine små, og i 2013 hadde 98 prosent av alle spedborn vore inne til kontroll innan si åttande leveveke, syner tal frå SSB. Oppmøteprosenten går noko ned etter kvart som barnet blir eldre.

Vil ha eit tydelegare mandat

Også fylkesleiar for Helsesøstrene i Sogn og Fjordane, Solveig Heggheim er positiv til å få eit klårare mandat og spørje om vald i heimen.

– Vi spør jo om veldig mykje og vi informerer om veldig mykje. Så eg tenkjer at det kan vere ein del av den informasjonen og den kartlegginga vi gjer. Det vil vere bra for barnet.

For på kontrollane der barnet blir målt, vege og utvikla kontrollert, er ein også innom både gode og vanskelege spørsmål.

– Vi snakkar om rus, røyk, barn og sikkerheit, seier Heggheim.

Vil sjå effektane før endring

Men frå regjeringshald er ein avventande til å kome med krav til helsesøstrene. Statssekretær Lisbeth Normann seier ein først ha meir kunnskap om effekten av at jordmødrer spør gravide om dei opplever vald i heimen.

– Nå er dette heilt nytt og det er viktig å sjå om dette har den effekten vi ønskjer. Det viktigaste for oss å oppnå er at det blir ein bevisstheit rundt det i folk generelt og hos fagpersonar som møter desse personane spesielt.

Normann ser bort frå likevel ikkje at det kan bli endringar.

– No held ein på å revidere retningslinene for helsesøstrer og ser på fagkrava til den gruppa. Det er jo alltid aktuelt å sjå på om ein har rettleiarar og helsepersonell som dekkjer dei behova ein har.

Barneombod Anne Lindboe meiner uansett det er på høg tid at det blir ei endring.

– Vaksne må takle at helsepersonell er barnas sakshandsamarar. Dei skal ha omsorg for barn og små spørje om slike ting og kanskje vil ein også eit par gongar for mykje melde frå til barnevernet, men det er heilt nødvendig for at dei aller mest utsette barna skal få hjelp.

Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.
I Gloppen har alle skular fått sjakkbrett i gåve av sjakklubben. No vil klubben ha sjakk som valfag i skulen.
Aril Sande frå Nordfjord har vore mannskap på Siem Pilot i Middelhavet det siste året.