Vald i Sogndal
Ein person skal vere slått i ansiktet og i magen i Gravensteinsgata i Sogndal. Ein mistenkt 18-åring er avhøyrt på staden. Fornærma blødde frå nasen og er køyrt til røntgen på sjukehus. Patruljen vurderer å melde hendinga, som er fanga på videokamera.