NRK Meny
Normal

– Høgre utdannar ungdom inn i arbeidsløyse

Torbjørn Vereide (Ap) meiner ungdommar sine val av skulelinjer ikkje kan styre kva som skal leggast ned eller ikkje – slik Høgre vil. Kritikken fell på steingrunn.

Torbjørn Vereide

UT I ARBEIDSLØYSE: Torbjørn Vereide i Ap meiner Høgre sin politikk er ansvarslaus som vil la ungdommen sine val vere avgjerande for skulestrukturen.

Foto: NRK

– Høgre er veldig flinke til å prate om fridom. Dei seier at når dei skal snakke om morgondagens skulestruktur – kva linjer som skal styrkast eller kva linje som skal takast ned – så skal elevane få bestemme det sjølv. Det er veldig smart i ein valkamp, seier Torbjørn Vereide i Ap.

Fylkestinget vedtok i juni ein økonomiplan som inneber at dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane skal spare inn 12 millionar kroner årleg. Dette kan føre til at rundt fem prosent av undervisningstimane fell bort. Innsparingstiltaka skal settast i verk frå og med neste skuleår, med andre ord om eitt år.

Utspelet frå Høgre irriterer den unge politikaren. Han meiner det ikkje er rett.

– Utfordringa er at viss dei aukar til dømes ein elektroklasse fordi det er populært det året. Så høyrest det greitt ut. Men så står dei utan lærlingplass og dei får ikkje arbeidsmogelegheit. Då utdannar vi ungdom ut i arbeidsløyse. Det er uansvarleg politikk.

Vil ha det offentlege på bana

Fylket står i dag utan lærlingplass til 80 personar, og det er vanskeleg å finne plass.

– No har Ap sete med makta i fleire år – er det ikkje på tide å prøve noko nytt?

– Vi skal i alle fall ikkje prøve noko tilfeldig. Det offentlege må ta ansvar for å få desse inn i arbeidslivet. Til dømes må det ved anbod må det vere eit kriterium at bedrifta eller kommunen tar inn lærlingar for å få jobben.

– Men viss det er dobbelt så mange frisørar som vi treng, så hjelper det ikkje for vi kan ikkje leve av å klippe håret til kvarandre, seier Vereide.

Høgre avviser kritikken

Lise May Sæle i Høgre avfeiar kritikken frå Vereide på strak arm.

Lise May Sæle

FLEIRE KRITERIUM: Lise May Sele i Høgre avviser kritikken frå Ap og seier partiet vil la fleire kriterium vere med på å avgjere morgondagens skulestruktur.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Sjølvsagt er det viktig at elevane sin fridom ligg til grunn og at dei alltid skal få velje kvar dei vil gå.

– Men viss ein lar elevtalet styre prioriteringa av linjer, ser du frykta for at det kan utdanne folk ut i arbeidsløyse?

– Nei, ikkje viss ein ser på næringslivsstrukturen samstundes. Til dømes at ein ser kvar det er føremålstenleg å ha ei frisørlinje – den ligg i dag i Høyanger. No ser ein at det er planer om ei landslinje i skiskyting i Stryn, og då ser ein at tilhøva ligg godt til rette for det, seier Sæle.

Ho meiner det er fleire kriterium som også må vere avgjerande for kutt og styrking av linjer.

– Som for eksempel elevtal, kvar ligg næringslivet, kva er kommunane gode på og kva er regionen god på. Og sjølvsagt legge vekt på elevane sin fridom, seier Sæle.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser