Hopp til innhold

Har ansvar for 35 tunnelar – men utstyret deira er eldgammalt

Med to brannbilar på 40 og 25 år er brannsjef Arvid Gilje sitt største mareritt ein smell med farleg gods i ein av kommunens 35 tunnelar.

Arvid Gilje, brannsjef i Aurland

GOD, GAMAL ÅRGANG: Brannsjef Arvid Gilje med dei to brannbilane sine, f.v. ein International frå 1972 og ein Mercedes Benz frå 1987.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Den bilen vi har i dag har så liten motoreffekt. Spesielt ved hurtigfrigjering kan stå om minuttar for å klare å berge liv. I verste fall kan du risikere at du misser eit menneskeliv fordi du kjem så seint fram, seier Gilje.

Etter mange års iherdig kamp har han omsider fått klarsignal frå kommunen om at han truleg har ein ny brannbil på plass i oktober 2013. Også ein ny kommandobil er på trappene.

Men framleis har han eitt år att der han skal ha brannansvar for milevis med tunnelar med klenodiar som utstyr.

Og gamalt materiell er ikkje noko Gilje er åleine om. I Norge er fleire enn 250 brannbilar over 30 år gamle.

740 brannbilar er eldre enn 20 år

Statistikk som Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap har over brannvesena sin utstyrspark i Norge talar sitt tydelege språk:

Den syner at av dei 1915 brannbilane i Norge er 255 eldre enn 30 år. 490 brannbilar er eldre enn 20 år.

Slikt får følgjer for utrykkinga når det verkeleg gjeld. Brannsjef Gilje i Aurland har hatt mange amputerte utrykkingar til både brann og bilulykker med den 40 år gamle veteranbilen.

Seinast i september miste den eine brannbilen to av hjula sine på utrykking. Årsaka var at boltane var slitne.

Brannsjefen truga i mai med køyreforbod for den 40 år gamle brannbilen, rett og slett fordi han meinte det ikkje var forsvarleg å nytte bilen under utrykking.

– Dette er noko ein slit med i heile Norge. Vi har einskilde bilar som går så seint at til og med med blålys så blir vi forbikøyrde av andre bilar under utrykking, seier Gilje.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Dei skal berge liv på hovudvegen mellom Bergen og Oslo, men må bruke veteranbil til utrykking. Brannvesenet i Aurland fortvilar over sine gamle brannbilar.

VETERANEN: Når folk ser den 40 år gamle brannbilen på utrykking er det mange som dreg på smilebandet. Mange nektar å tru at dette er ein bil som er i aktiv teneste.

Brannbilen laga kø under utrykking

Og slike situasjonar skjer ikkje så sjeldan som ein skulle tru. Også brannsjefen i Førde, Bernhard Øberg, har slite med gamalt utstyr i lang tid.

Då NRK var med på ei politiutrykking til ei ulykke i fjor, laga hovudbrannbilen kø fordi han rett og slett ikkje gjekk fortare i motbakke.

Brannbilen skapte kø med fem-seks bilar bak, og politiet som kom bakarst, måtte til slutt køyre forbi heile køen.

– Kva risikovurdering ligg til grunn når ein har ein 30 år gammal brannbil? Å komme humpande til ei ulykke i ein 30 år gammal bil og bli forbikøyrd på vegen, er det godt nok for ein utrykkingsetat, spør Øberg.

Han har nettopp fått ein flunkande ny mannskapsbil i brannstallen, og kunne dermed pensjonere den 23 år gamle slitaren som sleit med motbakkane.

Men framleis har han ein tankbil frå 1982 der bremsene av og til fuskar. Og når 30 år har fått tære på slangar og kablar, så morknar det litt om litt. Og då veit ein aldri når det til slutt ryk.

– Eg kunne ha ønskt at direktoratet var tyngre inne med tilsyn og såg meir på bilparken. Dei er nøye med å sjå på mannskap og førebyggjande avdeling, men på materiell blir det litt vagt, seier Øberg.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Brannbil laga kø under utrykking

Fører berre tilsyn med system

Han understrekar at problemet er samansett, men at det ikkje er tilfredsstillande når brannmannskapa omtrent ikkje kjem av flekken grunna dårleg utstyr.

I Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap spelar dei ballen tilbake og meiner dettevere eit kommunalt ansvar.

– Vi er ikkje inne i detaljane når det gjeld bilparken, alder og vedlikehaldsplanar. Det må den einskilde kommune ha ansvar for sjølv. Vi fører tilsyn med at kommunane har systema på plass. Vi fører ikkje tilsyn med om den eine eller andre brannbilen er for gammal, seier avdelingsleiar i førebygging i DSB, Blakset.

– Men blir ikkje det bukken som passar havresekken, når kommunen sjølv må ta stilling til om ein gammal brannbil toler nokre år til? Burde det ikkje heller ha vore eit regelverk som sa at når brannbilane nådde ein viss alder, så vart dei fasa ut?

– Noko slikt finst ikkje, og slik fungerer ikkje kommune-Norge. Det ville vorte veldig mykje detaljregulering dersom ein skulle lage eit slikt regelverk. Her er det eit generelt krav til kommunen om at dei skal ha sin naudsynte brannberedskap på plass. Det er lagt opp til at kommunen tek det ansvaret, seier Blakset.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bernhard Øberg

GODT NOK? Brannsjef i Førde, Bernhard Øberg, stiller spørsmål ved om beredskapen er god nok når ein har brannbilar på over 30 år humpande rundt.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Kan stå om sekundar

Arvid Gilje, som har vore brannsjef sidan 1985, har i årevis kjempa for å få oppgradert brannbilparken til kommunen som har 35 tunnelar på kryss og tvers, gjennom høge fjell langs med Sognefjorden.

Om knapt eitt år skal ein ny brannbil vere på plass på brannstasjonen i Aurland. Då kan han for alvor pensjonere den 40 år gamle brannbilen som står i depotet i Gudvangen. Også slitaren frå 1987 kan då få kvile.

Med gjennomfartsåra E16 tvert gjennom kommunen er brannvesenet i Aurland på langt fleire utrykkingar til trafikkulykker enn reine brannutrykkingar.

Dette er noko ein slit med i heile Norge. Vi har einskilde bilar som går så seint at til og med med blålys så blir vi forbikøyrde av andre bilar under utrykking.

Brannsjef i Aurland, Arvid Gilje

Då kan det ofte stå om sekundar med tanke på å redde liv, ikkje primært frå flammanes rov, men frå ihopklemstra bilvrak.

Han understrekar at han er svært glad for at kommunestyret no har gått inn for nye brannbilar til kommunen. Men det har vore mange situasjonar før ein kom så langt.

Men om eitt år har Gilje eit brannvern som er rusta til dei utfordringar ein kan tenkjast at dei kan komme til å møte.

– Vi er i ein overgangsfase, men i 2013 har vi alt skikkeleg på stell. Då får vi det som krevst etter lova, seier Gilje.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arvid Gilje

KLAR FOR PENSJON: Også den nyaste bilen, som no har runda 25 år, er klar for å ta fri for godt. Brannsjef Arvid Gilje ser fram til nye krefter i brannbilstallen.

Foto: Arne Veum / NRK

Har 35 tunnelar i kommunen

Gilje har ei ekstra utfordring i distriktet sitt. Det er nemleg teppelagt med tunnelar, både på jernbane og veg.

Mellom anna går verdas lengste vegtunnel, Lærdalstunnelen på nær 2,5 mil gjennom kommunen hans. Men det er ikkje ein brann her han fryktar mest.

– Der er det ventilasjon slik at vi har frisk luft i ryggen på begge sider. Det eg fryktar mest er tunnelar utan ventilasjon, seier brannsjef i Aurland, Arvid Gilje.

Når tunnelane har ventilasjon har brannmennene vinden frå viftene i ryggen slik at dei kan jobbe i medvind.

Men der det ikkje er ventilasjon er det ikkje sikkert brannvesenet kan ta seg inn dersom vindretninga er mot dei, og det veltar ut med svart røyk frå tunnelopninga. Då må ein vente på mannskap frå den andre sidan av tunnelen.

– Det aller verste er farleg gods. Viss det smell i ein tunnel, så er det det verste som kan skje, seier Gilje.

Trafikken har auka eksplosivt

Han peikar spesielt på at middel til sløkking skal stå i stil med aktuelle risikoar.

– Aktuelle risikoar hjå oss har eksplodert i høve brannar i både bilar, bussar og vogntog, fleire av dei også i tunnelar, seier Gilje.

E16 Lærdalstunnelen mellom Aurland og Lærdal er verdas lengste vegtunnel.
I snitt køyrde 1847 bilar gjennom tunnelen kvar einaste dag i 2011, av dette var 475 tungtrafikk.

Heldigvis kom han seg ut av tunnelen før han stoppa. Det eksploderte i nokre propanflasker like etter vi kom fram. Berre tenk om det hadde skjedd i tunnelen

Brannsjef i Aurland, Arvid Gilje

På E16 Gudvangatunnelen mellom Gudvangen og Undredalen suste 2008 bilar gjennom den 11,4 kilometer lange tunnelen.

– Vi hadde nesten ingenting før stamvegen mellom Oslo og Bergen kom med Gudvangatunnelen i 1991. Men etter det har det eksplodert, seier Gilje.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brannøving

RØYKFYLT: Dette biletet er teke under ei brannøving i Geiteryggstunnelen. Brannen var 2,5 kilometer inne i tunnelen, og røykutviklinga var så kraftig at det ville vore umogleg å overleve dersom det var personar i tunnelen.

Foto: Aurland brannvern

Var nære på for ei stund sidan

Han peikar på at brannvesenet dei siste åra har hatt svært mykje med brann i utanlandske vogntog å gjere.

– Dei er ikkje flinke nok til å bruke motorbremsen, og då tek det til slutt fyr i dekka. Det kan også skje inne i tunnelane, seier Gilje.

Det er ikkje lenge sidan ein utanlandsk sjåfør fekk problem i Fretheimstunnelen.

– Heldigvis kom han seg ut av tunnelen før han stoppa. Det eksploderte i nokre propanflasker like etter vi kom fram. Berre tenk om det hadde skjedd i tunnelen, seier Gilje.

Dårleg utstyr har ikkje teke nattesøvnen frå brannsjefen, men det har plaga han.

– Eg har vore uroleg for det som kan skje, men ein kan ikkje tenkje slik heller. I mi tid har 25–26 personar omkomme i Aurland, berre ein av dei i brann. Men du må likevel tenkje på alle dei vi har redda livet til, eller redda frå å bli invalide. Ein må tenkje positivt, elles held ein ikkje ut, seier Gilje.