NRK Meny
Normal

Vaks opp utan mor og far, men fekk ny familie på Raudeberg

Theptida var åtte år då ho kom frå ein oppvekst utan mor og far til ein ny familie på Raudeberg.

Theptida Bli med heim

PÅ TUR: Theptida er adoptert frå Thailand og har lært seg norsk på eitt år. Her er ho ute på tur saman med sin norske familie på Raudeberg.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Eg var redd dei ikkje skulle like meg, seier niåringen i barne-tv-serien, Bli med heim på NRK Super.

I november var det eitt år sidan Theptida vart henta av nye foreldre i Thailand. Då familien kom køyrande over Strynefjellet såg Theptida snø for første gong.

– Då eg kom til Norge første gong, var det veldig rart. Det var veldig kaldt her og mykje regn og lyn, seier Theptida Barmen, som no har blitt ni år.

Vaks opp i fosterfamilie

Talet på utanlandsadopterte har gått nedover dei siste åra, men framleis kjem det barn til nye familiar i Noreg. Foreldra til Theptida, Siv og Morten Barmen frå Raudeberg i Vågsøy, hadde adoptert ei jente frå Thailand tidlegare, og stussa ikkje då dei fekk Theptida, sjølv om ho var uvanleg stor, til å bli adoptert.

I åtte år hadde ho vakse opp hos ein fosterfamilie i Thailand.

– I fosterfamilien var det ei mor, ei bestemor, ein storebror og ei lita syster i Thailand. Og så hadde vi ein hund og mange kattar, fortel Theptida.

Ho fortel om skulen og venner, om det varme landet, som på kartet er forma som eit hjarte.

– Eg tenkte mykje på dei med det same eg kom til Noreg, men ikkje så mykje no lenger.

Theptida er ei utadvendt jente, som har funne seg godt til rette på Raudeberg skule. På fritida har ho prøvd fotball og turn, og ho har fått vere med storesøster og far i speidaren.

Lærte norsk på eitt år

Det er sjeldan utanlandsadopterte barn er så store når dei kjem, at dei kan fortelje om korleis det kjendest å komme til framande folk i eit land fjernt frå heimlandet.

Men under eit år etter at Theptida Barmen kom til Vågsøy, var norsken hennar så god, at ho kunne setje ord på opplevinga.

– Eg hadde ei mor og ein far i Thailand, men eg veit ikkje kvar dei er, så derfor måtte eg få ein ny familie i Noreg, seier Theptida.

Bli med heim - Theptida Bli med heim

ÅTTE ÅR: Theptida budde åtte år hjå ein fosterfamilie i Thailand, før ho kom til Noreg i fjor.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Ho var spent då dei norske foreldra kom for å møte henne første gong.

– Eg var litt redd då eg møtte dei første gong, for eg var redd dei ikkje skulle like meg, fortel Theptida.

Ved bordet heime på Raudeberg er stemninga god. Ein familie med mor, far og to jenter, som skal vere systrer for alltid, har steikt ris til middag.

– Kven var det som lærte meg å lage steikt ris, spør mor, Siv Barmen.

– Det var eg, ler Theptida.

Noko av det raraste med å komme til Noreg, har vore maten.

– Eg synest norsk mat er litt kjedeleg, og eg likar ikkje pinnekjøt til jul.

Theptida ramsar i tillegg opp brød, graut, fisk og pannekaker blant rettane ho ikkje er så veldig glad i. Mens pizza og pølser går greitt.

Likar ikkje regnklede

Familien går tur i vinden ved Kråkenes fyr. Theptida ler og leikar med storesøster, Leah.

– Sjå der nede, det er bobler på sjøen, peikar Theptida mot det frodande skummet i bølgjene, som slår hardt mot land.

Theptida er kledd i vestlandsbunaden, regnklede og tunge støvlar.

– Eg likar ikkje å ha på regnklede, og i Thailand hadde vi aldri støvlar, berre joggesko, seier Theptida.

Vel heime frå den friske lufteturen, står varm kakao på menyen. Theptida drikk gode slurkar og kosar seg.

– No veit eg at mamma og pappa likar meg, for dei har sagt til meg at dei er glade i meg.

Den ni år gamle jenta smiler mens ho fortel.

Pappa Morten Barmen, sprutar krem på fingeren til Theptida.

– Smak på dette, det heiter krem, seier han til Theptida. Ho puttar fingeren i munnen og ein grimase avslører med ein gong at krem ikkje hamna på favorittlista.

– Det er lov å ikkje like, berre du smakar, seier mamma, Siv Barmen.

Sjå heile historia om den adopterte jenta, på Bli med heim, NRK Super.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote