Vakna opp til snø i slutten av mai

Det er mai, men fleire vakna opp til eit kvitt snødekke i dag tidleg. – Finn heller på noko anna enn å ta turen over fjellet i dag, seier meteorologen.

Magnhildskaret 29. mai

VINTER: På fylkesveg 614 i Magnhildskaret i Bremanger er det ikkje noko anna enn vinterdekk som gjeld.

Foto: privat

– Det låg eit par gode centimeter med snø, og det var eit skikkeleg vinterføre. Ein blir litt sett ut, det er ikkje så kjekt når ein skal ut og reise, fortel Laila Olsen.

Ho måtte over Magnhildskaret i Bremanger i Sogn og Fjordane med buss i dag, og seier dei var heldige som ikkje møtte møtande trafikk.

Då hadde heller ikkje Statens vegvesen sine entreprenørar vinterberedskapen klar.

– Det går nokre timar å få montert plog og strøapparat, så viss dette vêret fortset, har vi ikkje beredskap klar før til kvelden, seier Ronny Sleire ved Vegtrafikksentralen i Bergen.

Snø i Flora i Trøndelag

TRØNDELAG: I Flora i Trøndelag såg det slik ut då May Bente Moen vakna opp onsdag morgon. – Deprimerande, seier ho.

Foto: May Bente Moen / privat

Må ha vinterdekk

Det er meldt snø og vind på fjellovergangane, og Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel om vanskelege køyreforhold i fjellet i Sør-Noreg, Hedmark og deler av Nordland.

– Sjølv om ein har vinterdekk kan det bli utfordrande med dårleg sikt. Det er lurt å ha god tid, og kanskje heller finne på noko anna, seier statsmeteorolog Kristin Sæther.

Statens vegvesen ber bilistar som skal over fjellovergangane om å følge nøye med på vêr- og førevarsel.

– Folk må sko seg for føret, det er vinterdekk som er tingen. Med snøføre bør dei med sommardekk halde seg heime, seier Sleire.

– Noko gale med værgudane

Også fleire andre plassar i landet vakna folk opp til snø. May Bente Moen frå Flora i Trøndelag hadde om lag ti centimeter med nysnø i hagen sin i dag tidleg.

– Det er litt deprimerande. Snøen tar livet av som spirer og gror. Eg tenkjer at det må vere noko fullstendig gale med værgudane. Kalenderen viser snart juni og sola snur snart, seier ho.

Ho slepp å legge om dekk på bilen. Moen køyrer nemleg piggfritt og har ikkje bytta til sommardekk.

– Vinterdekka er framleis på, men eg skulle eigentleg ha rydda snø på trappa.

Laster Twitter-innhold

Blir ikkje betre

Ruskevêret drar seg til utover dagen og kvelden onsdag, og det skal ikkje bli betre til helga. Store delar av Sør-Noreg får nedbør.

– Det blir ikkje så veldig hyggeleg. Det er venta snø og vind torsdag også, og det er få endringar i venta dei neste dagane, seier ho.

Torsdag vil det kome regn og kanskje hagl. Og det er til og med fare for tore på nordvestlandet og i Trøndelag.

Leksås i Grong

KVITT: Det nærmar seg juni og den første sommarhelga, men det såg ikkje akkurat slik ut onsdag morgon.

Foto: Geir Ivar Hildrum / privat