NRK Meny
Normal

Nysnø i fjellet – men ei fin helg i vente

Dagen før sommarsolkverv kunne ein vakne til nysnø i fjellet. Men fortvil ikkje, for meteorologen melder om stigande temperaturar og fint vêr.

Nysnø på Eggenipa

NYSNØ: I dag kunne ein sjå nysnø på Eggenipa i Gloppen kommune.

Foto: Kjell Hjelle

Fredag morgon oppdaga Kjell Hjelle i Breim at det var nysnø på Eggenipa. Det er mange år sidan han har sett noko liknande.

– Det er nok 15–20 år sidan eg har sett snø i høgfjellet på denne tid, fortel han.

Trur snøen forsvinn

Det er eit lite lag nysnø som har lagt seg på rundt 1200 meter og Hjelle er ikkje uroa for at den trekk nedover mot låglandet.

– Eg trur snøen forsvinn fort, kanskje han er vekk allereie til neste helg, seier han.

Hjelle er optimistisk til resten av sommaren, og trur ikkje vi har fått vår del sol og varme.

– Det er litt tidleg å vere ferdig med sommaren før jonsok, så eg trur ikkje det er slutten på sommaren vi har sett, fortel han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sol over Eggenipa

FIN HELG I VENTE: Meteorologen kan melde om litt høgare temperaturar og periodar med sol i heile fylket i helga.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Relativt normalt

Vakthavande meteorolog Anne-Mette Olsen kan fortelje at det er relativt vanleg med litt nysnø i fjellet på denne årstida.

– At temperaturen ligg rundt 0 grader i høgfjellet er ikkje unormalt, og når det då kjem nedbør kan det kome som snø, seier ho.

Trass nysnøen som no er komen, er det mykje fint vêr i vente i fylket og Olsen melder om stort sett pent vêr.

– Det blir periodar med sol i heile fylket. I Nordfjord kan vi få nokre spreidde regnbyer, men elles blir det opphaldsvêr. Det kan bli ein god del vind frå i morgon ettermiddag, fram til og med måndag, seier meteorologen.

– I neste veke blir det også pent vêr og litt høgare temperaturar, men vi får ikkje den store sommarvarmen enno, seier ho.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.