Hopp til innhold

Vakna idet tjuvane tok bilen - no er han funnen

Politiet har no arrestert tre menn som er tekne inn til avhøyr etter eit innbrot i Industrivegen i Florø i natt.

Politihuset i Florø

EFFEKTIVE: Kirsten Willis rosar politiet for å ha gjort ein god jobb (illustrasjonsfoto)

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Vi er veldig glade. Politiet har vore effektive, seier Kirsten Willis

Etter mobilisering i media vart den fråstjålne bilen til Kirsten Willis og ektemannen Jørgen Willis funne i dag, berre eit halv døgn etter den rulla ut av garasjen deira i Industrivegen og vekte dei. Då skal tjuvane alt ha vore inne i huset og blant anna teke mobiltelefonane frå ekteparet der dei låg og sov.

Tre personar skal vere arresterte for innbrotet.

– Vi har ikkje fått tilbake bilen endå, men politiet seier at den ser fin ut, og dei skal ha funne fleire av dei stolne tinga i bilen, seier Willis, som seier ho endå ikkje har heilt oversikt over kva som manglar.

Innbrotstjuvane tok også med seg bilnøkkelen til ein anna bil, og fleire brennevinsflasker.

– Dei var tydeleg ute etter noko å drikke, seier Willis, som er forholdsvis roleg etter hendinga.

– Det er klart, ein kjenner seg jo litt skjelven. Det er litt ekkelt at folk kjem seg inn i huset på den måten – eg veit ikkje korleis dei kom seg inn.

Innbrotet skal ha skjedd mellom kl. 01 og 02 natt til laurdag. Jørgen Willis vakna idet tjuvane køyrde av garde med bilen, og dei fekk varsla politiet etter å ha vekka naboane for å låne telefon.

– Politiet var på staden rundt 20 minutt etterpå, fortel Willis.

Klokka 22:40 melder politiet at dei tre mennene må sitje i arresten til i søndag. Då skal det gjennomførast nye avhøyr.