Hopp til innhold

VÅGSØY: Heilt ope kven som blir ordførar

Medan Arbeidarpartiet nesten har dobla oppslutnad, går Høgre litt tilbake i kystbyen. Sitjande ordførar Morten Hagen (H) seier det er heilt ope kven som får sitje med ordførarklubba dei neste fire åra.

Morten Hagen og Kristin Maurstad

KVEN BLIR ORDFØRAR: Kampen om ordførarvervet i Vågsøy står mellom desse to, Morten Hagen (H) og Kristin Maurstad (Ap).

Foto: NRK

Vallogo

– No er det heilt ope. Det blir opp til kva parti som finn saman, så vi må sjå kva saker som knyter partia saman, seier dagens ordførar.

Han må konstatere at Høgre går tilbake 2,6 prosentpoeng til 27,2 prosent. Dermed er dei framleis det største partiet i kommunen, men Arbeidarpartiet har nærma seg. Etter ein framgang på 10,3 prosentpoeng frå kommunevalet i 2011 landar dei i år på 21,1 prosent.

Den omstridde sjukehussaka i Nordfjord gjorde at Vågsøy Ap for fire år sidan hadde eit vanskeleg utgangspunkt, og Hagen meiner det no er naturleg at Ap går fram.

Om Høgre sin tilbakegang seier han følgjande.

– Det er klart vi hadde som mål ha like stor oppslutnad som sist, men dette er likevel eit veldig godt resultat, seier Hagen.

Kampen om ordførarvervet i Vågsøy står mellom Morten Hagen og Kristin Maurstad frå Arbeidarpartiet. Maurstad er i dag varaordførar.

– Kan det gå lenge før ein ordførar er klar i Vågsøy?

– Det kan det. Men det kan også gå kjapt. Kanskje det går eit par dagar, seier Hagen som sjølv svært gjerne vil halde fram. Først må han i forhandlingar.

– Vi er veldig glade

Ordførarkandidat for Arbeidarpartiet i Vågsøy, Kristin Maurstad, er svært glad for partiet sin framgang.

– Vi er veldig glade, absolutt. Vi gjorde eit dårleg val sist, og no er vi tilbake der vi meiner vi skal vere, seier ho til NRK.no over midnatt.

Ho seier dei denne valkampen ikkje har hatt sjukehussaka hengande over seg, og at dei har kunne fokusere på dei lokale sakene. Ap-gruppa i kommunestyret blir dobla frå tre til seks representantar.

– Dette betyr veldig mykje. Vi har mykje større sjanse til å få utretta noko no.

Held korta tett til brystet

På spørsmål om kva tankar ho gjer seg om forhandlingane om ordførarvervet er Kristin Maurstad ordknapp når ho svarar.

– No skal vi bruke litt tid på å gå gjennom resultata, så blir det samtalar etter kvart. Noko meir vil eg ikkje seie no.

– Men kor lyst har du til å bli ordførar?

– Det er ei vitamininnsprøyting å gjere eit såpass godt val. Så alle moglegheiter ligg der. Men vi må få litt tid til å sondere terrenget først.