Vågsøy vart åttande ROBEK-kommune

- No er vi ikkje lenger herre i vårt eige hus, konstaterer Roger B. Silden, ordførar i Vågsøy kommune.

Ordførar Roger B. Silden i Vågsøy

Ordførar i Vågsøy, Roger B. Silden, fekk budsjettet i retur frå fylkesmannen.

Foto: Håkon Eltvik / NRK

Måndag låg kommunen sitt budsjett og økonomiplan på ordføraren sitt bord. Stempla på Leikanger, stempla ikkje godkjent og signert fylkesmannen.

- Når vi ikkje har budsjett i balanse, så var det om lag som venta, for å seie det rett ut. No ser vi resultatet av eit fleirtal som køyrde ei slik løysing, seier Silden.

- Vi får det i retur

Arbeidet med budsjettet starta allereie i august, men først i romjula vart det vedteke med 19 mot åtte røyster. Kommunen hadde i fjor eit underskot på 25 millionar kroner, likevel hadde ikkje det vedtekne budsjettet verken eigedomsskatt eller skulekutt. Fleire politikarar åtvara om at dei ville få det i retur .

- Det som vil skje med framlegget frå Senterpartiet og Framstegspartiet er jo at vi skuvar problema framføre oss. Og vi vil få det i retur, og det vil føre til større kutt slik eg ser det, sa Ap sin gruppeleiar, Helen Hjertås .

- Vil høyre frå dei

Budsjettet fleirtalet gjekk gode for, vart lagt fram av Senterpartiet og Framstegspartiet. Framlegget kom seint og ordføraren meiner at eit tidlegare budsjettvedtak, hadde gjeve politikarane betre tid til å vedta eit budsjett i balanse. Han legg til at eit vedtak om eigedomsskatt ville gjeve Vågsøy ein million ekstra kroner i skjønnsmidlar frå fylkesmannen. Silden er klar på kva han meiner bør til for å få orden i kommunekassen i Vågsøy.

- Det har eg vore i fleire år, men så lenge eg ikkje har fleirtalet i ryggen, så har eg tenkt til å overlate det til dei som har fleirtalet. Eg vil gjerne høyre kva dei vil gjere med det, seier han.

Investeringar i det blå

At Vågsøy blir den åttande kommunen i fylket som hamnar i Robek-registeret, betyr i praksis at politikarane må be fylkesmannen om lov til låneopptak. Silden fryktar for fleire investeringar.

- Vi har eit investeringsbudsjett med mange ting der vi skulle gjennomført. Det vere vedlikehald, kyrkja med gravplassar som det må leggast til rette for. No er det opp til fylkesmannen å avgjere det, seier han.

Frist til 15. mars

Kommunen har budsjettert med høge inntekter og innsparingar utan å vise korleis dei skal klare dette. Vidare var det planlagt å dekke ni millionar av Tall Ships Races-underskotet i 2009, og fire millionar i 2010. I følgje Fjordenes Tidende har politikarane frist til 15 mars med å revidere og sende over budsjettet.

- Det er berre tida og vegen. Vi har formannskapsmøte 18. februar. Skal vi klare fristen må vi ta opp budsjettet då. Før det bør det handsamast i utvala, seier Silden.