Hopp til innhold

Vågsøy-rådmannen vil til Eid

Avviser at han flyktar frå eit synkande skip.

Ørjan Raknes Forthun
Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Ørjan Raknes Forthun er mellom seks søkjarar til den ledige rådmannsjobben i Eid kommune.

Store underskot

Dei siste seks åra har Raknes Forthun vore rådmann i Vågsøy, der kommunen i etterkant av Tall Ships Races i Måløy har slite med underskot på 16 millionar.

Raknes Forthun har måtte tole mykje kritikk sidan dei raude tala vart kjende.

Men rådmannen vil ikkje vere med på at han flyktar frå eit synkande skip. Han meiner Vågsøy kommune er i ferd med å komme seg på beina igjen.

- Dette er ein prosess, der eg må vurdere om Eid kan tilby ein interessant jobb. Og Eid må vurdere om eg er ein god søkjar, seier Raknes Forthun.

Treng ikkje flytte

Raknes Forthun held fram at han ikkje treng flytte, dersom han skulle få jobben i nabokommunen.

Og han poengterer at seks år er lang tid i ein slik jobb.

- No har eg vore rådmann i Vågsøy i seks år. Eg synest det kan vere greitt å vurdere kor lenge ein bør sitje i ei så framtredande rolle i ein kommune, seier han.

- Eg har heile tida trivst i Vågsøy, og det gjer eg framleis. Så om eg ikkje får jobben er det heilt greit, seier Raknes Forthun.