Hopp til innhold

Vågsøy-ordførar ut av AP

Vågsøy-ordførar Roger B. Silden har fått nok og sa i dag at han melder seg ut av Arbeidapartiet.

Roger B. Silden.

HAR FÅTT NOK: Ordførar for Arbeidarpartiet i Vågsøy, Roger B. Silden melder seg no ut av partiet.

Foto: NRK

Beskjeden skal han ha kome med frå kommunestyret sin talarstol, det skriv Fjordenes Tidende på nett.

Sjukehusstriden har skulda

Striden om lokalsjukehusa har gjort at Silden lenge har vore rasande på sitt eige parti. I Nordfjord har mange allereie meldt seg ut av Arbeidarpartiet, og ordføraren har tidlegare vist stor forståing for dei som har tatt steget. Eit steg også han har tatt no ifølgje avisa.

- Eg kan ikkje vere i eit parti som handlar i strid med sitt eige program, sine eigne veljarar og imot folket, sa Silden til applaus frå kommunestyret skriv fjt.no.

Intern uro i partiet lenge

Internt i Arbeidarpartiet har det vore stor uro knytt til nedlegging av viktige tilbod ved lokalsjukehusa. Etter at Helse Førde i vår føreslo å leggje ned føde og ortopeditilbod ved sjukehusa i Eid og Lærdal har debatten rasa. Førre veke kom nyhenda om at Helse Vest går for nedlegging.

Utbrytarar frå Ap har allereie sagt at dei ville starte eitt nytt politisk parti.

Silden har allereie takka nei til attval som ordførarkandidat for Ap i Vågsøy. Når han i dag avsluttar sitt medlemskap i partiet er det medan han er inne i sin tredje periode som ordførar i Vågsøy.

Helseministeren fredar sjukehus i nabofylket

Same dag som ordføraren melder seg ut av Arbeidarpartiet kom nyhenda om at helseminister og partikollega, Anne-Grete Strøm-Erichsen fredar fleire lokalsjukehus i Møre og Romsdal.

Både føde og akuttberedskapen skal få fortsette drifta fram til byggjestart av det nye sjukehuset i Molde som er planlagt i 2018.