NRK Meny
Normal

Vågsøy kan kome ut av Robek

Ein økonomiplan i balanse, kan sende Vågsøy ut igjen av Fylkesmannen si Robek-liste.

Det seier rådmann Ørjan Raknes Forthun til Fjordenes Tidende . I kjølvatnet av Tall Ships Races-arrangementet, hamna kommunen i februar i år på den mykje omtala Robek-lista .

- Det var ikkje noko underskot som var årsak til at kommunen kom inn i Robek, men det faktum at kommunestyret ikkje klarte å vedta eit budsjett i balanse før jul, seier rådmannen til avisa.

Vedtak i balanse

Dersom politikarane derimot vedtek eit budsjett i balanse den 16. desember, og Fylkesmannen godkjenner det, så er kommunen ute att av lista. Kommunane som er på denne lista, må få fylkesmannen si velsigning til kommunale lån og investeringar.

- Men vi kan sjølvsagt kome der igjen på grunn av underskot eller økonomi, legg Forthun til.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast