NRK Meny
Normal

Vågsøy får 50 nye arbeidsplassar

Vågsøy får inntil 50 nye arbeidsplassar når OFS Måløy AS etablerer landbasert oppdrettsanlegg i Barstadvika.

Planlagt landbasert oppdrettanlegg, Barstadvika

LANDBASERT: Slik blir anlegget presentert på kommunen si heimeside.

Foto: Vågsøy kommune

OFS Måløy AS søkjer om å etablere landbasert oppdrettsanlegg ved bruk av RAS teknologi for matfisk av laks og aure i oppdrettstankar på land.

Etableringa vil skje ved Barstadvik Industriområde, skriv Vågsøy kommune på sine heimesider.

– Det er veldig gledeleg at det blir søkt om å få etablere eit landbasert oppdrettsanlegg på Raudeberg. Det er eit anlegg det kan bli mange arbeidsplassar av. Det er noko vi sårt treng i Vågsøy no, seier ordførar Kristin Maurstad (Ap), til NRK.

Ordførar Kristin Maurstad

GLAD: Ordførar Kristin Maurstad.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ringverknader

Det er søkt om totalt 15.000 tonn biomasse. Anlegget er planlagt etablert på eit område som er avsett til industri.

Det nye landbaserte akvakulturanlegget er forventa å gje inntil 50 arbeidsplassar når det er fullt utbygd med integrert slakting og foredling i eksisterande bygg. Men det er også rekna med ringverknader for lokale verksemder som har kompetanse på bygg, elektro, ventilasjon og VVS, ifølge kommunen.

Kan styrke skulen

Eit akvakulturanlegg vil styrke TAF/YSK-akvakulturlinja på Måløy vidaregåande skule, samt OKFH, der intensjonsavtalar allereie er på plass, opplyser kommunen på heimesida.

– Vi kan knytte dette til vidareutvikling av marin linje på den vidaregåande skulen og andre prosjekt som held på no. Dette er midt i blinken, rett og slett, seier ordførar Maurstad.