Hopp til innhold

Vågsberget vert freda

Riksantikvaren vil frede den gamle handelsstaden Vågsberget i Vågsøy. Bjørn Fjellheim, direktør for Kystmuseet, seier dette er svært viktig for å kunne ta vare på den unike staden.

Vågsberget er ein gammal handelstad frå tidleg på 1800 talet, og ein av dei som er beste tekne vare på i heile landet.

I Vågsøy har dei i lang tid kjempa for å få til ei freding av anlegget, slik at det det blir lettare å ta vare på det.

Ordførar i Vågsøy, Roger B Silden, er svært glad for at handelsstaden no blir freda. Men seier det må finnast ei form som gjer at området framleis  kan brukast.