NRK Meny
Normal

Vag og overflødig – stor cruiseplan får svært blanda mottaking

Den er vag, overflødig og til liten nytte, meiner cruise- og reiselivsaktørar. Den store cruiseplanen til Vestlandsfylka får blanda mottaking.

Cruiseskipet Oriana på veg inn Aurlandsfjorden

CRUISE ENGASJERER: Fleire meiner det er positivt at Vestlandsrådet engasjerar seg i cruisenæringa, men cruise- og reiselivsaktørar etterlyser meir konkrete tiltak og kven som skal ta ansvar.

Foto: Jan Christian Jerving

– Vi meiner ein slik type handlingsplan er overflødig. Vi har ikkje forstått kven som skal eige og drive fram prosjektet, seier hamnesjef Rita Berstad Maraak i Stranda hamnevesen.

Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har fått laga ein handlingsplan til cruisestrategien sin. Planen har vore på høyring, og dei fleste innspela støttar målsettinga, om å utvikle cruiseturismen på ein berekraftig måte, men så sprikar meiningane.

– Vi ser ikkje kvifor vi skal bruke tid og energi på ein handlingsplan, når vi har organisasjonar som Cruise Norway, Cruise Europe, Fjord Norge, Innovasjon Norge og destinasjonsselskap som allereie samarbeider heilt utmerkt, seier Maraak, som styrer cruisehamna i Geiranger.

Planen har kosta 250.000 kroner.

Fryktar skrivebordsskuffa

Bakgrunnen for cruisestrategien er Vestlandet sin posisjon som cruisedestinasjon. Ifølgje planen var det 1260 cruiseanløp i regionen i 2016, nær 70 prosent av alle cruiseanløp i Norge.

– For cruisereiarlaga har planen liten verdi. Det verkar som den tek utgangspunkt i at cruiseturistar kan bli behandla annleis enn fly– og bilturistar, i alle fall når det gjeld skattar og avgifter, seier Morten Kinn i European Cruise Service.

Cruise Norway er positive til at vestlandsfylka engasjerer seg i cruisetrafikken, men peikar på at viktige forhold som marknadsføring og heilårsturisme ikkje vert omtala i planen.

– Det saknar vi konkrete tiltak på. Planar har ikkje så stor verdi før dei vert gjennomført, så det er ganske avgjerande at det vert tydeleg kven som har ansvaret for å gjennomføre tiltaka, seier dagleg leiar Inge Tangerås.

NHO Reiseliv Vest-Norge ønskjer cruisestrategien hjarteleg velkomen, men meiner den er for vag.

Wenche Salthella

ØNSKJER HANDLING: – Vi må rett og slett vere meir konkrete om ein skal lykkast med dei måla og den visjonen ein har med strategien, seier bransjesjef Wenche Salthella i NHO reiseliv Vest-Norge.

Foto: NRK

– Vi er redd planen lett hamnar i ei skrivebordsskuff. At masse nye utgreiingar vert sett i gong, som tek lang tid, utan at noko skjer. Vi ønskjer handling, seier bransjesjef Wenche Salthella.

Stor politisk jobb

Leiar av Vestlandsrådet, Jenny Følling opplyser at handlingsplanen har kosta 250.000 kroner.

Jenny Følling

KONKRET: – Det vert ein stor politisk jobb å følgje opp planen når den vert vedteken, vedgår leiar Jenny Følling i Vestlandsrådet.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Det er ein relativt beskjeden pris i forhold til kva denne næringa betyr i verdiskaping, seier Følling, som er fylkesordførar i Sogn og Fjordane.

Følling vedgår at fylkeskommunane har relativt avgrensa styrerett over cruisetrafikken, men avviser at handlingsplanen er vag, overflødig og utan nytte.

– Eg er ueinig i det. Vi har eit regionalt ansvar for å vareta miljø, verdiskaping og næringsutvikling.

No skal Vestlandsrådet vurdere innspela og samle seg om kva tiltak dei ønskjer.

– Klarar vi å samle oss rundt ein cruisestrategi som set nokre mål vi skal jobbe for, så vil vi ha ganske stor påverkingskraft til å oppnå dei måla. Difor trur eg det er eit viktig bidrag det vi gjer no, seier Følling.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.