Det seier Vågsøy-ordførar og AP-mann Roger B. Silden i samband med at finansminister Per Kristian Foss frå Høgre i dag var i Måløy for å høyre om tilhøva i næringslivet der. Men det er andre samfunn på kysten som har større problem enn Måløy meiner finansminister Per Kristian Foss.
Per Kristian Foss. Foto Line Åserud / Scanpix
Låg kronekurs
- Den låge renta har gitt ein låg kronekurs, og det gjør at industrien i dag tener pengar, seier han. Han legg til at Sogn og Fjordane samla sett er eitt av dei to fylka med lågast arbeidsløyse. Finansministeren seier at ein kvar omstilling er smertefull, men at Norge er kome betre ut av det enn dei aller fleste.
- For generelle utsegn
Vågsøyordføraren seier dei no må få fleire bein å stå på, og ikkje verte så avhengig av fiskeriet som dei er i dag. Han meiner utsegna til finansministeren er for generelle utan nokon eksakte tiltak.