Hopp til innhold

Væpna politi rykte ut mot aggressiv mann – henta han ut av hus etter fleire timar

Fekk kontroll på ein aggressiv mann i Førde sentrum etter fleire timars innsats.

Væpna politi i Førde sentrum

UTAGERANDE PERSON: Politiet rykte ut etter at tilsette ved ein utestad ba om hjelp med ein utagerande person.

Foto: NRK-tipsar

– Vi prøver å jobbe på den mest lempelege måten, og vi brukar mildaste moglege metode. Difor tok det lang tid, seier innsatsleiar Synnøve Domben i politiet.

Politiet fekk onsdag ettermiddag melding om ein psykisk ustabil mann på ein utestad i Førde sentrum. Dei rykte ut og fann mannen i ein bustad ikkje langt unna.

– Det er ein utagerande person vi prøver å få kontroll på, sa operasjonsleiar Dag Olav Sætre i Vest politidistrikt.

Politi og lege i Førde sentrum

SPERRA AV: Nokre av gatene i området rundt huset i sentrum vart sperra av.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Rykte ut med mykje væpna folk

Mannen hadde då oppført seg trugande og aggressivt mot dei tilsette på ein utestad i Førde sentrum. Politiet kom på staden, og etterkvart eskalerte situasjonen.

– Vi vil ikkje at han skal komme seg ut i gatene. No jobbar vi med å få roa ned situasjonen og få vedkommande til lege, sa Sætre undervegs i politiaksjonen.

NRK sin reporter på staden rapporterte om at politiet hadde sju væpna betjentar som omringa huset. I tillegg var det nokre ambulansar og helsepersonell til stades. Mannen vart i periodar ståande og rope skjellsord mot politiet frå ein altan.

– Med så mykje politi kan det sjå voldsomt ut for folk som ser dette, men vi må forsikre oss om at han ikkje kjem seg ut, forklarte Sætre.

Vart arrestert på kontrollert måte

Væpna politi rykte ut i Førde

VÆPNA: Politiet var væpna, og hadde situasjonen under kontroll.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Først like etter klokka 21 gjekk politiet inn i huset og arresterte mannen. Dei skal heile tida ha hatt kontroll på situasjonen, men ønskte å bruke tid for at mannen skulle roe seg.

Personen skal ikkje ha blitt skadd under pågripinga.

– Vi hadde nok ressursar tilgjengeleg, og i tillegg hadde vi bistand av dei etatane vi trengde, så oppdraget vart løyst på ein god måte, seier Domben.

Politi i gatene i Førde sentrum

KONTROLL: Politiet omringa bygget i sentrum.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK