NRK Meny
Normal

Væpna aksjon i Stryn

Politiet rykka ut med ein væpna aksjon i Stryn i natt. Ein person vart stukke med kniv i låret, slått med balltre og truga med hagle.

Politi

RYKKA UT: Politiet i Sogn og Fjordane rykka ut på væpna aksjon då dei fekk beskjed om at dei sikta personane hadde skytevåpen.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

– Personen er no sendt til sjukehus med stikkskadar, medan to personar er arresterte, seier operasjonsleiar Espen Gulliksen ved Vest Politidistrikt i Florø.

Pollitet vart varsla i totida natt til laurdag. Hendinga har funne stad i ein privat bustad i Stryn, og politiet rykte ut med våpen då dei fekk meldingar om at dei mistenkte også hadde skytevåpen.

– Vi førebels lite om kva som har skjedd i forkant av hendinga, seier Gulliksen.

Mann som om vart overfallen har fått stikkskadar i låret, og blitt slått i hovudet med balltre.

– Vi kan førebels ikkje seie noko om kva skadar han har fått, men etter det vi har forstått skal det ikkje vere snakk om livstrugande skadar. For ytterlegerae opplysningar må eg vise til helsevesenet, seier Gulliksen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.