Arkivfoto NRK
To personar ringde inn og sa dei hadde sett ein kar fikle med ein våpenliknande gjenstand. Sju politimenn vart kalla ut, og det vart sett i gang søk både pr. telefon og i området ved rundkøyringa sørvest for Sogndal sentrum, seier poltijurist Ivar K. Iversen ved Sogn og Fjordane Politidistrikt. Men aksjonen vart avslutta utan at det vart funne nokon med våpen.