Hopp til innhold

Vådeskot fyrt av på lensmannskontoret

FØRDE (NRK): Det var folk i nærleiken, men ingen vart skadde, då eit vådeskot vart fyrt av inne på Førde og Naustdal lensmannskontor i fjor vår.

Lensmannskontoret i Førde

VÅDESKOT: Vådeskotet gjekk av på våpenrommet ved Førde og Naustdal lensmannskontor i samband med tømming av våpen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– I samband med eit vaktbytte så skjedde det ei uønskt hending der eit skot gjekk av inne på våpenrommmet. Dette var før den mellombelse væpninga av politiet tredde i kraft, seier fungerande lensmann Odd Helge Vågseth.

Den gong var våpenpraksisen til politiet å ha framskoten lagring i bil. Det innebar at våpena låg lagra i ein låst koffert i patruljebilane og at betjentane måtte få løyve over telefon til å bruke dei.

Følgte ikkje prosedyrane

Sjølv om ingen vart skadde, seier Vågseth at dei ser svært alvorleg på hendinga.

Odd Helge Vågseth

ALVORLEG: Fungerande lensmann Odd Helge Vågseth seier dei har skjerpa rutinane etter hendinga.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Når det går av eit vådeskot så er det alltid ein viss fare for at nokon kan bli skada. I dette tilfellet var det folk som var i nærleiken, seier han.

– Korleis kunne dette skje?

– Politiet har prosedyrar for tømming av våpen. I dette tilfellet vart ikkje prosedyrane følgt godt nok. Rutinane i samband med tømming av våpen vart innskjerpa og det skjedde umiddelbart.

– Tek hendinga svært alvorleg

Politimeister Ronny Iden seier hendinga ikkje vart meldt til Spesialeininga for politisaker.

– Vi vurderte denne saka til å høyre inn under HMS-regelverket og har sett på rutinar og retningslinjer hos oss. I tillegg har vi rapportert denne saka internt, seier han.

Ronny Iden

VART IKKJE MELDT: Politimeister seier dei ikkje meldte hendinga til Spesialeininga, fordi dei vurderte den til å høyre inn under HMS-regelverket.

Foto: Truls Kleiven

– Dette er hendingar vi ikkje vil skal skje og vi tek det høgst alvorleg, seier Iden.

I dag ber politiet ladda våpen på seg. Ei skjerpa trusselvurdering er årsaka til den mellombels Væpninga som tok til i november i fjor. Væpninga er svært omdiskutert, og ved to høve det siste halvåret har skot blitt fyrt av inne på politistasjonane i Kristiansund og Stavanger.

– Eg ser ikkje nokon samanheng med dei hendingane, seier Iden.