Det har departementet sjølv undersøkt tidlegare i år. Irriterande, seier Magne Bjergene ved skulen.
Vil kjempe
Den internasjonale skulen har i fleire år kjempa om å få dei midlane dei treng for å drive skulen på linje med andre internasjonale skular. Og ikkje minst i tråd med dei måla som er sette av Staten.
Difor vart det i år hyra inn ein konsulent for å finne ut om skulen hadde eit urimeleg høgt utgiftsnivå. Men det hadde dei ikkje. Derfor blir Bjergene frustrert over at dei no manglar 1,5 millioner kroner, men han vil kjempe for å få pengane på plass.
Leiar av Utdanningskomiteen på Stortinget, Rolf Reikvam, er også forundra over regjeringa si prioritering av UWC. Han vil også jobbe for å få på plass pengane UWC treng.