Nærleik til skulen og barnehagen har gjennom alle år vore ein stor fordel i rekruttering av fagpersonale, skriv skulen i eit brev til ordføraren.
Normalt vil det vere om lag 50 personar med barn tilknytta skulen. Desse har ein arbeidsdag som gjer det svært vanskeleg å reise langt av stad til skule og barnehage, understrekar leiinga ved UWC.