Gruppa frå United World College skulle opp til det nesten 800 meter høge Lifjellet i Hyllestad ved Sognefjorden.
-Det vi veit er at resten av turfølget hadde bestemt seg for å stoppe og for å gå ned att. Dei fem fremste fekk ikkje med seg det, og har truleg berre halde fram turen, sa operasjonsleiar Per Rimmen ved Sogn og Fjordane politidistrikt då leitinga pågjekk.
Då dei fem ikkje kom ned att, vart politiet varsla litt etter klokka 1600.
Funne i hytte
Politiet sende ut tre patruljar med leitemannskap. Det vart også rekvirert 20 personar frå Røde Kors, og tre redningshundar.
Leitemannskapet fann dei fem, fire jenter og ein gut, inne i ei hytte på ein støl rundt klokka 20. Alle var då i god form.
Dei tre var ikkje kjende i området, og hadde heller ikkje kart med seg.