Eit samla reiseliv i Sogn, Sogn regionråd og kommunane langs heile Sognefjorden har i lenger tid kjempa for å få flytta endestoggen til Sognebåten frå Sogndal til Flåm. Målet er å auke grunnlaget for trafikk. Det var Sogn Avis som først omtalte saka.
– Vi er positive til intensjonane om ei betre samankopling av Flåm og nordsida av Sognefjorden og ber no leiaren i samferdsleutvalet om å gjennomføre drøftingar med Sogn Regionråd, Visit Sognefjord og Norled om mogelege løysingar for ei slik samankopling, seier fylkesordførar Jenny Følling etter dagens møte i fylkesutvalet.
Vil skape aktivitet
Fylkesrådmannen tilrår at endestoggen framleis skal vere i Sogndal mellom anna fordi 25 prosent av inntektene kjem frå reisande som skal til eller frå Sogndal og fordi han meiner ruta ikkje heilt høver som turistrute på heilårsbasis då avgangen frå Flåm vert svært tidleg.
Her har Arnstein Menes (Sp), som er medlem av samferdselsutvalet i Sogn og Fjordane, ei litt anna oppfatning.
– Vi veit at mange av hotella er fulle midt på sommaren og at reiseselskapa ber om å få kome også andre tider på året, seier Menes.
– Eg synest dette er ei kjempemoglegheit. Dette er vel så mykje ei næringssak som det er ei samferdslesak.
Menes meiner at ei flytting av endestoggen til Flåm handlar om å utvide reiselivssesongen.
–Dersom vi kan få fleire turistar på vinterstid vil det kunne gi fleire arbeidsplassar. Det ville vere veldig positivt for området vårt, seier han.
Ulike signal
Det har vore litt ulike signal frå dei som har jobba med dette når det gjeld kva dette vil koste. Fylkesrådmannen og reiselivsnæringa kjem med litt ulike tal.
– Derfor tilrår vi at dei set seg i lag for å finne ut kva den reelle kostnaden vil bli, seier Menes.
Fylkesordførar Jenny Følling seier det er viktig å ta vare på passasjergrunnlaget ifrå Sogndal. Ho ser derfor ei anna moglegheit.
– For å fange opp passasjerar frå Flåm og Balestrand utan å tape passasjerar frå Sogndal, kan det vere lurt å sjå på moglegheiter for tilkoplingsruter, seier Følling.
Saka skal opp i fylkestinget 13. eller 14. juni.