Hopp til innhold

Uvisst om det blir høyring i Vågsøy

Kommunestyret i Vågsøy klarte onsdag ikkje å bestemme seg for om dei vil ha offentleg høyring etter Tall Ships- underskotet.

Tall Ships Races tek farvel på Raudeberg

Seglskutefesten i august i fjor førde til ei stort underskot.

Foto: Sonja Kvernevik

Det har tidlegare vore fremja forslag om offentleg høyring , men då saka kom opp på kommunestyret i går hadde fleirtalet snudd.

- Eg trudde det var einigheit om ei slik høyring, men eg tok tydelegvis feil, seier Geir Oldeide i partiet Raudt.

Trur ikkje det blir høyring

Han seier at det er trist at nokon har snudd i saka.

- Det framstår som at dette går vi tilbake på det og at vi ikkje vil ha ei skikkeleg undersøkjing.

- Trur du at det blir ei offentleg høyring?

- Nei, det trur eg ikkje.

Sendte ut pressemelding

Sist veke møttes gruppeleiarane i Vågsøy for å diskutere saksbehandlinga av Tall Ships Races, som gjekk med 15,4 millionar i underskot. Etter dette møtet vart det sendt ut ei pressemelding. Der stod det at alle representantar var einige om at ei offentleg høyring var ønskjeleg og at eit forslag om dette skulle fremjast.

I pressemeldinga står det: " Representanter for alle politiske grupperinger i Vågsøy kommunestyre avholdt et møte mandag kveld, 15.6.2009, for å diskutere status i saksbehandlingen av TSRM regnskap og rapporter. I møtet ble det enighet om at det vil være ønskelig med en offentlig høring før saken blir behandlet i kommunestyret. Forslag om offentlig høring vil bli fremmet i kommunestyremøtet den 24. juni. Høringen bør finne sted slik at saken kan realitetsbehandles i kommunestyret i løpet av august."

Fremja forslag

Raudt-politikar Geir Oldeide fremja forslaget på kommunestyremøtet i går, men då var fleire parti plutseleg imot.

- Det var ikkje så eintydig som Geir Oldeide vil ha det til. Det var forskjellige oppfatningar og standspunkt som vart argumentert på fellesmøtet mellom dei politiske partia. Pressemeldinga gjekk berre på formalia, sa Høgre-politikar Jan Holvik.

Klar til å stå i skotlinja

Vågsøy-ordførar Roger B. Silden føreslo til slutt å avslutte debatten og utsetje saka. Det vedtok kommunestyret.

- Her må eg setje foten ned. Eg er ikkje klar over kva dei er på jakt etter. Viss det skal køyrast ei slags show så er det ein ting, men eg held meg til eit å ha eit ryddig og greitt kommunestyremøte.

- Du er ein av dei som kan stå i skotlinja i ei slik høyring. Korleis stiller du deg til det?

- Eg har opna for å stå i skotlinja. Slik eg ønskjer den debatten i kommunestyret, så er det ei høyring i aller høgste grad. Eg har invitert alle til å stille spørsmål og eg skal svare på dei.

Les alt om underskot etter Tall Ships Races