Hopp til innhold

Uvisst om brannråka hus var verna

Vik kommune kan ikkje stadfeste at huset som brann på Vangsnes er verna. Brannen skal ha starta ved at ein grasbrann kom ut av kontroll og tende på ei løe. Løa brann ned til grunnen, medan elden spreidde seg til bustadhuset. Politiet har tidlegare i dag opplyst at huset skal vere eit verna hus frå 1500-talet. Men kommunen kan ikkje finne det i registera, seier rådmann Oddbjørn Ese.