Hopp til innhold

Uvisst når skulen kan takast i bruk

Nær to veker etter at flaumen herja i Flåm, og grov vekk deler av grunnen til Flåm skule, er det framleis uklart når skuledagen kan ta til igjen på skulen.

Skulen i Flåm

UVISST: Skadane på og ved Flåm skule er så omfattande at det vil ta månadar før skulen kan takast i bruk igjen.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Vi forventar ikkje å vere på plass på denne sidan av året. Vi har ikkje noko konkret dato, og tek alle positive nyhende med stor glede. Ting vil ta tid, men vi skal tilbake så raskt som mogleg, seier rektor ved Flåm skule, Astrid Hassel.

Dei 35 elevane må dermed smørje seg med tolmod før dei kan ta til på ein vanleg skuledag på eigen skule etter den dramatiske flaumen. Då vassmassane fløymde ned over Flåmselvi grov dei også ut deler av grunnen på eine hjørnet av skulen.

Brønnen som sørga for reint vatn til skulen vart teken med i dragsuget, og det vart også brua som var siste del av skulevegen for elevane. Sidan då har elevane blitt skyssa til sentrumsskulen, og der vil dei halde fram til Flåm skule igjen kan takast i bruk.

Uaktuelt å starte eit nytt skuleår slik

I dag startar NVE arbeidet med permanente sikringstiltak kring skulen, slik at katastrofen ikkje skal råke på ny. Om to veker skal brønnboringa ta til, og arbeidet med å få på plass ein mellombels veg på andre sida av elva er allereie godt i gang.

– Elevane skal få kome tilbake så raskt som det let seg gjere, men vi klarer det ikkje på denne sida av nyttår, seier ordførar i kommunen, Noralv Distad.

Verken ordføraren eller rektor trur det vil dryge til oppstart av eit nytt skuleår før elevane kan ta til på skulen sin igjen.

Rektor ved Flåm skule, Astrid Hassel.

UROA: Elevar, foreldre og tilsette har vore uroa for kor tid dei kan få kome tilbake til Flåm skule, seier rektor Astrid Hassel.

Foto: Gro Ravnestad

– Vi har klare indikasjonar på at det ikkje skal gå til neste skuleår. Når eg ser alt arbeidet som er gjort i Flåm frå det skjedde, så er det imponerande.

– Folk har stått på dag og natt, så eg er veldig optimistisk, sjølv om det er vanskeleg å spå. Nye problem kan dukke opp, men at vi først kjem tilbake til sommaren ser eg på som heilt uaktuelt, seier rektoren.

Uroa for skulenedlegging

Ifølgje rektoren har den mellombelse skulekvardagen fungert fint for elevane til no. Sjølv om nokre har vore meir uroa enn andre.

– Spesielt for dei eldste elevane har det gått veldig fint. Vi ser at det er vanskelegast å tilpasse seg for dei yngste elevane, men stort sett så går det bra. Likvel seier mange av dei yngste at dei saknar skulen sin. Fleire elevar har også sagt at dei vil melde seg som frivillige til å gjere dugnad, for at det då går raskare å kome tilbake til skulen sin, fortel Hassel.

Før flaumen råka bygda var det også diskusjon om skulestrukturen i kommunen. Elevtalet på sentrumsskulen er på veg ned, medan Flåm skule har fått fleire. I ein situasjon der skulane mellombels er slått saman, har det også vore ein spire til uro knytt til framtida for Flåm skule.

– Det har vore uro knytt til om dette blir ei permanent løysing. Ungane og foreldra er glade i skulen sin, og dei har vore uroa for om andre ting kan gjere at ein ikkje kjem tilbake slik ein ynskjer. Dei tilsette har også vore uroa. Det har vore eit ekstra uromoment som ingen trengde oppe i ei vond og vanskeleg tid, seier Hassel.

Sist veke var det møte mellom skulen, kommunen og foreldre for å orientere om situasjonen ved skulen, og då var desse spørsmål også oppe til debatt. Ordføraren er klar på at ingen skal slå politisk mynt på situasjonen ein no har hamna i.

– Det er ingen grunn til uro. Frå politisk hald er det klart at Flåm skule skal drivast vidare og elevane skal kome tilbake så raskt som mogleg, understrekar Distad.