Hopp til innhold

Uvisst når fv 609 opnar


Det er ikkje sikkert om fylkesveg 609 mellom Førde og Askvoll opnar i dag. Vegen har vore stengd sidan onsdag kveld, etter at det rasa på fem ulike stader under uvêret som var.
Vegoperatør Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal seier dei vil gjere ein ny vurdering seinare i dag. Oppryddinga har teke lenger tid enn ein rekna med, og er enno ikkje ferdig, seier Molvær.