Hopp til innhold

Uvisst kva lag og organisasjonar gjer med nye grenser

Om tre år kan Sogn og Fjordane fylke vere ein saga blott. Kva som skjer med dei ulike fylkesavdelingane av lag og organisasjonar er uvisst.

Steinar Strømsli

LÆRE AV ANDRE: Fylkesleiar i Utdanningsforbundet Steinar Strømsli, meiner ein må sjå kva andre fylke i liknande situasjonar, som trøndelagsfylka, har gjort.

Foto: Tom Egil Jensen

– I vedtektene står det at vi skal vere delt inn i fylkeslag. Står dei seg, så må vi slå oss saman med Hordaland til eitt fylkeslag, seier fylkesleiar i Utdanningsforbundet, Steinar Strømsli.

Om få veker skal fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane og Hordaland seie ja eller nei til å slå seg saman til ein ny region. Går dei vidare med intensjonsavtalen som ligg på bordet og Stortinget seier ja, så viskar ein ut nokre av dagens fylkesgrenser.

Hilmar Høl

SAMARBEID: - Vi samarbeider godt på Vestlandet allereie, seier fylkesleiar i Arbeidarpartiet Hilmar Høl om ei eventuell samanslåing.

Foto: Christian Blom / NRK

I Trøndelag har to fylke allereie blitt eitt, og Strømsli trur ein gjer lurt i å hauste erfaringar der ifrå. Det støttar fylkesleiar i Arbeidarpartiet, Hilmar Høl.

– Det er naturleg å sjå kva dei har gjort i prosessen. Dei har vedteke samanslåing. Dei politiske partia har truleg hatt ein dialog om korleis dei skal løyse det, seier Høl-

Han understrekar at samarbeidet mellom fylkeslaga er godt i dag, og at dei allereie jobbar tett saman på saker mot landsstyre og landsmøte.

Meiner ein treng nærleik

I Innovasjon Norge har ein nyleg inngått leigeavtale om kontor i Sogndal for ti år. Dermed er fylkesdirektøren trygg på at det vil vere tilsette i organisasjonen i fylket i framtida, men det kan skje endringar.

– Det er viktig for verksemder og næringsliv i Sogn og Fjordane å vere nær Innovasjon Norge, så strukturen trur eg ikkje blir gjort noko med. Men det kan vere direktøren sit i Bergen, seier Halvor Flatland.

Sjølv om 2020 er ei stund fram i tid og ingenting er bestemt endå, så har dei fleste laga og organisasjonane så smått byrja å diskutere framtida om fylkesgrensene forsvinn.

– Signala er at krinsane skal haldast oppe slik som no. Det er viktig med nærleik til idretten og vi vil ha kontor i kvart fylke, seier Robert Endestad, styreleiar i fotballkrinsen.

NRK som no - enn så lenge

Distriktsredaktør Kai Aage Pedersen i NRK Sogn og Fjordane

REGION: NRK gjennomførte nyleg ei omorganisering og oppretta 5 regionkontor. Kva som skjer i framtida, torer ikkje regionsjef i Vest, Kai Aage Pedersen, spå.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

I NRK er Sogn og Fjordane og Hordaland nyleg slått saman i region Vest. Den daglege felles fjernsynssendinga «Vestlandsrevyen» har eksistert i 25 år. Regionsjefen trur likevel at det ikkje blir snakk om fleire felles sendingar eller tenester med det første.

– Det ligg ikkje føre planar om endringar no, men NRK skal tilpasse seg samfunnet og ikkje omvendt. seier Kai Aage Pedersen.

– Det vil finnast eit NRK Sogn og Fjordane i 2020 også?

– Eg er heilt sikker på at det blir mykje innhald frå NRK Sogn og Fjordane også i framtida. Om det blir strukturelle endringar på det kan vi ikkje sjå bort frå. Vi har nettopp gjort endringar, og ser ikkje for os store justeringar i næraste framtid.