Uvisst for Elkem Bremanger

Orkla vil selje alle Elkems vasskraftverk. Ikkje klart kva konsekvensar det kan få for Elkem Bremanger.

Elkem Bremanger, Svelgen
Foto: Ottar Starheim / NRK

Ifølgje Dagens Næringsliv kan ikkje Orkla lenger utvikle og tene pengar på kraftverka på grunn av heimfallsregelen.

Rettane fell tilbake til staten

Heimfallsregelen inneber at rettane til vasskrafta vederlagsfritt fell tilbake til staten etter 60 år. På grunn av dette kan ikkje Elkem vidareutvikle kraftverka fordi selskapet kanskje ikkje får behalde dei når heimfallsretten går ut.

No vil Orkla i staden kvitte seg med alle Elkem sine vasskraftverk.

- Heimfallslova gjer at vi ikkje kan vidareutvikle kraftverka i den forstand at vi ikkje kan kjøpe kraftverksemda. Vi kan heller ikkje byggje ut meir. Difor må kraftverka seljast, seier direktør for samfunnskontakt i Elkem, Johan Hovland.

Dei totalt 15 vasskraftverka ligg ifølgje Dagens Næringsliv i Rogaland, Nordland og i Sogn og Fjordane.

Uvisst for Elkem i Bremanger

Ingen NRK har vore i kontakt med på Elkem Bremanger smelteverk eller Elkem Energi Bremanger vil uttale seg i saka.

Heller ikkje Hovland vil seie noko om konsekvensane for verksemdene i Bremanger.

- Det er for tidleg å seie noko om, forklarar Hovland.

- Har de ikkje nokon tankar rundt det?

- Vi har sjølvsagt tankar om kva vi eventuelt må gjere, men vi kan ikkje seie noko om det sidan dette er noko vi må vurdere.

Heller ikkje tidspunktet for sal vil Hovland kommentere.

- Nei, det kan vi ikkje seie noko om.