Sidan slutten av august har det vore spekulert i om Elkem skulle få asiatiske eigarar. I Svelgen har dei tilsette lenge frykta for at Orkla skal selge Elkem til utanlandske eigarar.
Men i helga skreiv økonominettstaden E24 at sør-koreanske Posco har trekt seg som kjøpar, men framleis skal det vere moglege kjøparar til industrikonsernet.
– Vi vurderer ikkje seriøst å kjøpe Elkem, sa Chung Joon-yang, konsernsjef og styreformann i Posco, til Reuters under ein konferanse i Seoul.
– Dette er heilt nytt for meg, men det forandrar ingenting, for det er fleire interessentar, seier klubbleiar Knut Sande ved Elkemp Bremanger.
Han fortel at dei tilsette i Svelgen er uroa for framtida.
– Vi veit jo ikkje kva som vil skje framover. Dei er usikre, seier Sande til NRK.
Hovudeigar i Orkla, Stein Erik Hagen har ved fleire høve signalisert at han vil selje sideverksemder i konsernet.
Posco er verdas tredje største stålprodusent, og omsette for 193 milliardar kroner i 2009.