NRK Meny
Normal

Uviss framtid for Ommedalsstøylen

I romjula la uveret «Dagmar» Ommedalsstøylen i ruinar. No er det uvisst om støylen i Gloppen nokon gong kjem opp att.

Ommedalsstøylen front

FØR OG ETTER: Ommedalsstøylen før og etter «Dagmar».

Ein geologisk rapport vil vere klar om to-tre veker. Det er eit forsikringsselskap som ynskjer ei geologisk vurdering av om det er nok å setje i verk sikringstiltak, eller om heile stølsområdet bør flyttast.

– Når konklusjonane er klare, reknar eg med at dei vil danne grunnlag for vurderingar som forsikringsselskap, kommune og grunneigarar må gjere, seier Einar Alsaker i Sunnford Geo Senter til Firda Tidend.

Tok med seg sju hus

Det var seint om kvelden 2. juledag i fjor at innbyggjarane såg vrakgods som dei kjende att frå stølshusa, flytande i elva som kjem frå Ommedalsstøylen.

Dei skjøna straks at noko var gale, og ved nærare ettersyn viste det seg at eit sørpeskred hadde rasert sju av husa på stølen.

– Det er ikkje nokon som har tenkt at dette kunne skje. Dette er jo noko som eg har pusla med i så mange år no, og lagt sjela mi i, fortalde Sivert Jan Ommedal (38) til NRK.no etter skredet.

Kan bli vanskeleg

Stølen er ifølgje avisa ein av få stølar som framleis er i drift med mjølkeproduksjon om sommaren, og har vore det sidan 1700-talet.

Grunneigarane er innstilt på oppattbygging, men geologiske vurderingar tyder på at det ikkje utan vidare kan skje på den same staden.

– Vi føler oss usikre på om det er forsvarleg å byggje opp att på same staden. Har det gått sørpefonn ein gong, kan det vel skje igjen. Det er ein fortvilande situasjon som vi treng fagleg hjelp for å finne ut av, seier fire av dei skadelidne til Firda Tidend.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser