NRK Meny
Normal

Tilsette reagerte med sjokk på at kartongmjølka skal til Bergen

BYRKJELO (NRK): – Eg trur dei fleste tok beskjeden med sjokk. Det var grådig stille, seier hovudverneombod Evelyn Wold På Tine sitt anlegg på Byrkjelo.

Evelyn Wold

TRUDDE IKKJE DET DEI HØYRDE: Dei tilsette på Byrkjelo håpar det skal gå bra med alle dei 20 årsverka som no må gjennom ein omstillingsprosess. Evelyn Wold er hovudverneombod.

Foto: Silje Guddal / NRK

– No er det ganske uvisst endå, eventuelt kjem vi kanskje styrka ut frå det faste på nyåret. Så eg trur vi skal finne gode løysingar. Eg trur alle har eit håp om at det skal gå bra med alle, seier Wold.

Framtida til Byrkjelo har vore under lupa i lengre tid etter at ei gruppe i TINE skulle sjå på korleis konsernet skulle forsyne Sør-Vestlandet med konsummjølk. No er det klart at TINE har bestemt seg for at løysinga ligg i å bygge eit nytt meieri i Bergen til 800 millionar kroner.

Håpar å auke kvitostproduksjonen

På Tine sitt anlegg på Byrkjelo blir det i hovudsak produsert kvitost og brunost. Det håpar dei tilsette det kan bli meir av i framtida.

– Viss vi får auka kapasitet på andre område, så er det klart vi treng folk til det, seier Wold.

Framtida for dei 20 er uansett uviss, sjølv om det er klart at det blir jobba for å finne løysingar for dei.

– No blir det nytt allmannamøte fredag, så kjem omstillingssjefen i TINE på måndag, og så er dei blitt oppmoda om å oppsøkje den hjelp dei treng, seier Wold.

Veit ikkje kor mange personar som blir råka

Ho kan førebels ikkje seie noko om kor mange personar dette gjeld.

– Det veit vi ikkje enno, det er enno mykje som er uvisst. Men heldigvis har vi god tid på oss for å omstille.

Konsernet har vore gjennom fleire omstillingar opp gjennom åra. Dette pregar etter kvart dei tilsette.

– Det er sjølvsagt vanskeleg at vi aldri får roa til å sette oss og bli trygge, men vi har hatt ei eventyrleg utvikling her på Byrkjelo fram til i dag.

Skuffa meierisjef

For meierisjef Torkild Heieren var ikkje dette ein god dag heller.

– Det er aldri kjekt å vere leiar og gje beskjed om at arbeidsplassar blir flytta vekk frå vårt anlegg på konsum.

Med produksjonen av kvitost håpar Heieren at fleire av dei som no er utrygge på jobben sin kan få ei god omstilling innetter på anlegget.

– Det er for tidleg å seie kva dette vil få av konsekvensar. Men Byrkjelo er eitt av tre anlegg som er satsingsanlegg for osteproduksjon, det er ein strukturutgreiing på gang som kan gje noko auka produksjon her. Kor mykje det vil seie i arbeidsplassar veit vi ikkje i dag, seier han.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser