Hopp til innhold

Uvershelg kosta 30 millionar kroner

Alle skreda for halvannan veke sidan har kosta Statens vegvesen 30 millionar kroner.

Nils Magne Slinde, Statens vegvesen region Vest

MYKJE PENGAR: Nils Magne Slinde i Statens vegvesen seier dei må bruke rundt 30 millionar kroner etter uvêrshelga.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

20 millionar blir brukt på fylkesvegar og 10 millionar på riksvegar etter at uveret herja. Det rasa fleire stader, og enkelte vegar var lenge stengde på grunn av enorme mengder med masse som kom ned fjellsidene.

På riksveg 15 ved Skredestranda mellom Nordfjordeid og Stryn, var vegen stengd i ei veke. Eit 300 meter breitt skred stengde vegen og det kom ned mykje tømmer. Oppryddingsarbeidet var krevjande og tok mange dagar.

Fire millionar til Skredestranda

Avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen seier at skader på infrastrukturen fort kostar mykje pengar.

– Vi reknar at vi har brukt fire millionar kroner på skredet ved Skredestranda. Ved Ylvisåker på riksveg 55 mellom Sogndal og Leikanger gjekk det med éin million kroner til opprydding etter at det rasa der, seier han.

Når det gjeld riksvegane, er det brukt fem millionar kroner på det Slinde kallar mindre tiltak.

– Det inkluderer opprydding etter skredet på Hjelle i Oppstryn. Det er også litt mindre skader på riksvegar i Sunnfjord og Nordfjord, seier han.

Store skader i Vetlefjorden

Den aller største potten går til eit skred på fylkesveg 13 i Vetlefjorden i Balestrand.

– Her er det gjort mykje skade, og det er lagt inn eit kostnadsoverslag på 10 millionar kroner.

Fylkesvegen er framleis stengd og det er omkøyring på kommunal veg.

– Her er det tre bruer under massane, og vi veit enno ikkje omfanget av skadane. Det er mykje rasmasse som må ryddast vekk. Vi veit ikkje om kor mange bruer som må reparerast og det vil ta litt tid før vi har full oversikt, seier han.

Samlepott på 10 millionar

Det er også brukt eit par millionar i Oldedalen og rundt ein million ved Hundsåna på fylkesveg 609 mellom Førde og Stongfjorden.

Ein del av arbeidet består i å setje opp rassikringsnett og reparere rasvollar. Det er også ein del reparasjonar i 100.000-200.000 kronersklassen, som er skader på bruer og stikkrenner fleire stader i fylket

– Dette er ein samlepott på om lag 10 millionar kroner, seier han.

Må få det dekka

Summen endar altså på om lag 30 millionar kroner etter uveret. Til samanlikning kosta ekstremvêret Dagmar for snart to år sidan 130 million kroner, og brannen i Gudvangatunnelen kosta vegstellet 50 millionar.

Slinde seier 30 millionar kroner er mykje pengar etter ei slik uvêrshelg og at dette er pengar dei ikkje har i budsjettet sitt. Rekninga på 10 millionar kroner for skadane på riksvegane, går inn mot vegdirektoratet og samferdsledepartementet.

– Vi melder skadane på dei fylkeskommunale vegane inn til fylkeskommunen. Det er fylkespolitikarane som gjer prioriteringane når det gjeld finansiering, seier han.